Utviklar forskinga innan kunstfag med praktisk kompetanseheving

Leire, tre, tekstilar og marmor: Gjennom å rettleie kvarandre utviklar dei kreative lærarane kompetansen sin saman. Prosessen er også forsking, og til hausten får publikum oppleve resultatet på utstilling.

Knut Einar Lillebø-Voll.

Høgskulelektor Knut Einar Lillebø-Voll viser fram prosjeket han jobbar med. Skulpturane kan minne om former ein ser langs ei strand, og framkalla minne hjå fleire av kollegaene.

Tekst: Tale Rørvik Lejon, Foto: HVO / Tale Rørvik Lejon

- Oppdatert

Del på:

Denne veka arrangerte dei tilsette ved Institutt for design, kunst og handverk (DKH) nok eit seminar i samband med utstillingsprosjektet «UTANFOR LØYVD TID».

Fokuset i dette prosjektet er å vidareutvikle kompetansen til undervisarane ved bruk av kollegarettleiing.

Utfordrar den tradisjonelle tekstforma

Dei fagtilsette ved Institutt for DKH har dette året arbeidd med ulike praktisk skapande prosjekt.

Innan høgare utdanning er publisering i anerkjende tidsskrift verdsett som kompetanseheving, men kanskje i mindre grad gjeld det same for alternative visningsarenaer der forskingsresultata utfordrar den tradisjonelle tekstforma.

Instituttet har derfor valt å prioritere utøvande og skapande arbeid dette året. Målet er å utvikle den praktiske kompetansen til undervisarane.

Gjennom eit studieår har dei tilsette ved Institutt for DKH rettleia kvarandre, forankra i ein klassisk rettleiingsmetodikk, med mål om å systematisere og utvikle sin eigen praksis som undervisarar i verkstadane.

Rettleiingsmetodikken legg vekt på å stille spørsmål før ein gir råd. Seminara blir også filma, slik at dei tilsette får sjå seg sjølve gi tips og råd, og vidare tilpasse eller endre rettleiingspraksisen overfor studentane.

Cathrine Yksnøy og kolleager.
Cathrine Yksnøy (nr. 3 frå venstre) viser fram arbeidet sitt som del av kollegarettleiingsprosjektet ved Institutt for design, kunst og handverk.

Arbeid som framkallar minne

På samlinga denne veka var det høgskulelektorane Knut Einar Lillebø-Voll og Cathrine Yksnøy som skulle vise fram prosjektideane sine for dei andre tilsette ved instituttet. I byrjinga av november i år skal arbeida stillast ut ved Volda og Ørsta kunstlag.

Lillebø-Voll sitt prosjekt handlar om gleda ved å skape, og det er sett saman av ulike skulpturar i leire og tre. Skulpturane kan minne om former ein ser langs ei strand, og framkalla minne hjå fleire av kollegaene.

Yksnøy sitt arbeid handlar om det å bli kjent med ein stad, med materialar ein finn igjen i naturen rundt. Ho nyttar mellom anna marmor som høyrer heime i hagen hennar. Det tekstile er også eit av hovudfokusa, og tanken er å veve fram fragment av dei historiene staden lagrar.

Faget i hendene

Instituttleiar og professor Karen Brænne synest det er kjekt å ha tid til forsking og utvikling saman med kollegaane sine. Institutt for DKH jobbar med å utdanne studentar som skal bli kyndige i handverk, og dei tilsette set derfor pris på tid til prosjekt der ein har faget i hendene.

– Dei praktiske ferdigheitene blir ikkje åleine betre av å skrive akademiske artiklar, derfor er slike prosjekt viktige for å bli dyktige faglege utøvarar. Ved at vi dokumenterer prosessen og utviklar kollegarettleiingspraksisen vår, blir dette også eit forskingsbidrag til kunst- og handverksdidaktikken, fortel Brænne.

Utstillingsprosjektet «UTANFOR LØYVD TID» viser litt av breidda i utdanningstilboda Høgskulen i Volda har å tilby, med undervisarar som alltid ynskjer å vidareutvikle og heve kvaliteten i utdanningane. Gjennom nytenkjande forsking og kreative fagtilsette kan høgskulen tre fram som eit trygt og godt val for studentar både no og i framtida.

Kollegarettleiing ved Institutt for design, kunst og handverk.
Kompetanseheving gjennom kollegarettleiing ved Institutt for design, kunst og handverk på Høgskulen i Volda.

Del på: