Trudi Henrydotter Eikrem har disputert ved NTNU

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Fredag 26. april disputerte HVO-førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem for dr.philos.-graden ved NTNU med avhandlinga Frå mat til merkevare. Christian Johnsens klippfiskhandel i perioden kring 1850–1890.

Trudi Henrydotter Eikrem er førstelektor ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag på Høgskulen i Volda (HVO).

Fredag 26. april forsvarte ho avhandlinga si for graden doctor philosophiae (dr.philos.) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Det humanistiske fakultetet.

Doktoravhandlinga hennar har følgjande tittel: Frå mat til merkevare. Christian Johnsens klippfiskhandel i perioden kring 1850–1890.

Doktoranden hadde to prøveforelesingar torsdag 25. april og fredag 26. april. Temaa for desse var høvesvis «Sammenlign og drøft utviklingen i klippfiskeksporten fra Kristiansund og Ålesund i hundreåret før 1914» (oppgitt emne) og «Frå sjølvforsyning til import. Kva skjedde med den portugisiske klippfiskproduksjonen i perioden 1400 - 1800?» (sjølvvalt emne).

Om avhandlinga

Noreg har eksportert fisk i mange hundre år. I det 18. hundreåret omfatta dette også eksport av klippfisk. Torsk vart saltmogna, tørka og pressa, og skipa til fjerne himmelstrok. Mot slutten av 1800-åra var kvar fjerde klippfisk på den globale marknaden norskprodusert. I åra frå 1815 til 1880 tok norske produsentar gradvis over ein tradisjonsrik iberisk marknad, og frå midten av 1870-åra var norske eksportørar så og seie einerådande i Spania, som då var hovudmarknaden for norsk klippfisk. På vel 30 år auka Norsk eksport frå kring 15 000 000 stykk klippfisk årleg, til 60 000 000 stykk, ei firedobling. Det var eit eksporteventyr utan sidestykke i norsk historie. Kvifor vart det slik?

Ein viktig aktør i denne perioden var Christian Johnsen. Denne avhandlinga er basert på eit hittil uutnytta kjeldemateriale om handelen til klippfiskeksportør Christian Johnsen i Kristiansund. Han vart ein av Noregs mektigaste eksportørar i løpet av kort tid, og i denne studien blir vi med Johnsens varer ut på marknaden. Korleis organiserte Johnsen handelen og i kva grad var aktiviteten hans marknadsretta? 

Trudi Henrydotter Eikrem.
Trudi Henrydotter Eikrem før disputasen. Foto: Ina-Kristin Sundet, NTNU.

Hovudfunnet i avhandlinga er at Christian Johnsen skapte fordelar i produksjons- og omsetjingsleddet. Han koordinerte transport av råstoff, av tilfang, og tilverka vare, og han organiserte lagring og utskiping, og etablerte stabile mottaksledd i landingsområda. Han investerte i lastedampskip til Europatransport og etablerte eigen kasse- og tønnefabrikk. Eksporten til den vestindiske og amerikanske marknaden var retta mot kjøpesterke kundar som konsumerte prima kvalitet pakka i vakker emballasje.

Johnsen hadde etablert langvarige relasjonar til aktørane i mottaksleddet på den iberiske halvøya, og tunge økonomiske aktørar bidrog til å styrke omdømet og la til rette for distribusjon ved å investere i infrastruktur. I denne marknaden var det plass til meir klippfisk enn den Johnsen sjølv produserte, og han kunne kanalisere norsk klippfisk inn i marknaden via sal av tonnasje og oppkjøp frå andre produsentar. Som stor eksportør og produsent bidrog han til å auke eksportvolumet, finne løysingar for utførsel, stabilisere tilførselen og utvikle marknadssegment. Samhandling, samarbeid, informasjonskapital og disposisjonar av materielle ressursar var grunnlaget for marknadstilnærminga.

Innovasjon i produksjon- og distribusjonsleddet var sentralt for framstilling og transport av store kvantum klippfisk på heilårsbasis. Johnsen investerte i utvikling av emballasje tilpassa transportløysingane, og brukte emballasjeutforming som merkevarebygging i ein segmentert marknad. Johnsens klippfisk var både mat og merkevare.

Del på