Sosialfag - 50 år i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Til hausten er det 50 år sidan starten av sosialarbeidarutdanningane i Volda. 21. og 22. oktober vil dette bli markert med jubileumskonferanse i Volda. Samlinga vil setje fokus på utviklinga frå 1971, erfaringar frå tidlegare studentar, samt fagleg konferanse med sentrale foredragshaldarar.

Opprettinga av distriktshøgskular i Noreg rundt 1970 var det ein utdanningsrevolusjon ved at det styrka tilbodet om høgre utdanning i distrikta. Volda vart ein av dei første DH-skulane. Ein viktig siger for formell yrkeskompetanse var det då velferdsutdanninga ved høgskulen blei den første treårige barnevernspedagogutdanninga i landet i 1980. Sosialt arbeid utgjer i dag eit av dei største utdanningsmiljøa ved Høgskulen i Volda – målt i talet på studentar og tilsette. Fagmiljøet har i dag nærare 400 studentar på dei ulike nivåa, samt om lag 25 fagtilsette.

Starten

Den spede starten skjedde for 50 år sidan, då 15 studentar vart tekne opp til 2-årig studium i «Velferd og organisasjon, allmenn line» ved den nystarta Distriktshøgskulen i Volda. Studiet skulle gi studentane kompetanse i miljøarbeid, fritids- og velferdsarbeid i institusjonar, rådgjevingsarbeid, men også meir administrative oppgåver i organisasjonar, eit nokså breitt kompetansefelt.

Sosialfag 50 år

Starten vart prega av den nasjonale diskusjonen rundt etableringa av distriktshøgskulane, eit resultat av «Ottosen-komiteen» sine innstillingar. Debatten vart hard fordi det nye skuleslaget skulle tilby kortare og meir effektive studiar enn dei tradisjonelle universiteta og fagskulane, basert på det såkalla «kafeteria-prinsippet» der studentane kunne kople fag og studieemne. Diskusjonane var harde også ved DH-skulen i Volda.

Starten var vanskeleg, både fordi det møtte studentar med nokså ulike forventningar til studiet, men også fordi m.a. Norsk sosionomforbund (NOSO) motarbeidde distriktshøgskulane og boikotta studiar her. Gjennom 70-talet sto arbeidet for å oppnå formell yrkeskompetanse sentralt for høgskulen og for dei tilsette ved studiet.

Profesjonsstudium og vidare utvikling

Fagmiljøet i Volda bestemte seg ut på 70-talet for å gjere om studiet, som då heitte toårig studium i sosialpedagogikk, til ei treårig sosionomutdanning. Forslaget fekk støtte i Kyrkje- og utdanningsdepartementet, men vart stogga av distriktspolitiske grunnar. Stortinget ville bruke dette høvet til å leggje ei ny sosionomutdanning til Florø, for at Sogn og Fjordane skulle få sitt første høgre utdanningstilbod, eit tilbod som aldri vart realisert.

Distriktshøgskulen i Volda fekk i staden Noregs første treårige barnevernspedagogutdanning, starta opp i 1980. Gjennom 80-talet vart det så arbeidd for å styrke tilbodet også med sosionomutdanning, som kom i gang i 1991, i stor grad etter planen som var lagd på 70-talet.

     

    Tredjeklassingar på barnevern 1983.

    Miljøet vaks utover mot 2000, og i 2008 utvikla fagmiljøet også masterstudium i sosial- og helsearbeid, frå 2015 også PhD-utdanning i helse- og sosialfag, i samarbeid med Høgskulen i Molde.

    Nokre av dei sentrale aktørane

    Mange fagtilsette lærarar medverka til denne utviklinga av sosialfaga i Volda. Nokre av dei sentrale aktørane vil fortelje om denne utviklinga på jubileet, m.a. desse:

    • Kåre Heggen (pedagog), instituttleiar mange av åra på 70-talet, seinare dekan, medverkande til utviklinga og gjennomføringa av master- og PhD-tilboda.
    • Gunnar Stave (sosiolog), også med periodar som instituttleiar, særleg medverkande til utviklinga av sosionomstudiet, seinare rektor ved HVO.
    • Hallgerd Conradi (sosionom), også periodar som instituttleiar, særleg med ansvar for utviklinga av sosionomutdanninga frå 1991, seinare også dekan.
    • Tor-Johan Ekeland (sosialpsykolog), også periodar som instituttleiar, seinare rektor ved HVO, har hatt eit særleg ansvar for utviklinga av master og PhD-studiet.

    Gjennom desse 50 åra har utdanningsmiljøet i Volda utdanna rundt 2800 barnevernspedagogar og sosionomar, i tillegg til masterkandidatar og etter kvart PhD-kandidatar.

    Jubileumskonferanse

    Jubileumskonferansen vil finne stad i Volda 21.-22. oktober 2021. Den første dagen vil bli brukt til å fortelje historia om desse utdanningane i Volda, samt arrangere festmiddag for tilreisande gjester, medan andre dagen vil setje fokus på utfordringar for sosialt arbeid i m.a. barnevernet, NAV, psykisk helsearbeid og arbeidet med minoritetar. Her blir det innleiingar frå sentrale fagfolk på desse felta:

    • Kari Killén: «Sosialt arbeid i barnevernet». Ho er sosionom og professor emeritus ved NOVA, OsloMet, og ein av pionerane i norsk barnevernsforsking.
    • Ingerid Aamodt: «Sosialt arbeid i psykisk helsevern». Ho er sosionom, var student i Volda 1973-75, og er no gruppeleiar ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse ved Helseregion Øst og Sør.
    • Lars Inge Terum: «Sosialt arbeid i NAV». Han er sosiolog og professor ved Senter for profesjonsstudier ved OsloMet. Terum var student i Volda 1972-74.
    • Marianne Rugkaasa: «Sosialt arbeid i eit fleirkulturelt samfunn». Ho er sosialantropolog og professor i sosialt arbeid ved OsloMet, også professor 2 ved HVO.

    Del på