FoU-prisen til professor Inger Marie Okkenhaug

Tekst: Geir Tangen

FoU-prisen for 2020 går til professor Inger Marie Okkenhaug ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie.

Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.I tildelinga la høgskulestyret mellom anna vekt på at Okkenhaug er ein erfaren og særs produktiv historikar. Ho er både ein produktiv forskar på høgt fagleg nivå og ein kollega som gjer mykje for å heve forskinga både i fagmiljøet på historie og i mastergraden i kulturmøte.

FoU-prisen vert delt ut i samband med Forskingsdagen ved Høgskulen i Volda fredag 18. september 2020.
 

Del på