Far og son Standal disputerer fredag 23. april

Tekst: Per Straume , Foto: NTNU og Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Medan førstelektor ved Høgskulen i Volda Egil Arne Standal disputerer for sin doktorgrad ved Universitetet i Bergen fredag 23. april, gjer sonen Martin Inge det same på akkurat same dag ved NTNU.

Når Egil Arne Standal står i det store auditoriet på Høgskulen i Volda og disputerer, held Martin Inge på å gjere seg klar til si forsvaring av doktorgraden 35 mil lengre nord i Trondheim. 

Følg Egil Arne sin disputas på Zoom her.

Egil Arne si avhandling har tittelen «Opplysningsplikt i barnevernssaker». Han er utdanna jurist, tilsett ved Institutt for sosialfag og underviser sosionom- og barnevernsstudentar, samt på masteremna Rus som kulturelt og sosialt fenomen og Tiltak mot rusproblem.

Sonen Martin Inge si avhandling er i psykologi, han forskar på langtidsfråvær i arbeidslivet.

Nettavisa Khrono har skrive sak om Standal-karane, det nette treffet med disputasane og bakgrunnen deira. Les den her.
 

Del på