Læringsprosessar og vurderingshandlingar

Forskargruppa vil arbeide med forskingsstudiar inn mot tema læringsprosessar og vurderingshandlingar i utdanningsforsking. Studiar vil verte gjennomført gjennom eit samarbeid mellom fagtilsette på dei ulike avdelingane innanfor HVO og med varierande grad av involvering av eksterne forskarar. Gruppa vil vere samansett av fagdidaktikkarar i lærarutdanningane.

Studiar innanfor denne gruppa vil omfamne ei breidd av ulike tilnærmingar for å studere læring og vurdering både i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring, og høgare utdanning. Eit viktig føremål med forskargruppa er såleis å styrke tverrfagleg samarbeid gjennom ei heilskapleg tilnærming til utdanningsforsking på alle nivå.

Aktivitetar

Gruppa har jamne møter og vil legge vekt på både å bygge forskingskompetanse og å ha ein jamn produksjon av nasjonale og internasjonale forskingspublikasjonar. Gruppa ønsker å vere aktive med å bygge eit forskingsnettverk på tema «læring og vurdering» både nasjonalt og internasjonalt. I forlenginga av dette ser vi føre oss at forskargruppa kan utarbeide søknader om større prosjekt med ekstern finansiering.

Metodiske tilnærmingar

Forskingsaktiviteten tek utgangspunkt i ulike metodiske tilnærmingar. Både kvalitative, kvantitative og mixed-methods forsking vil kjenneteikne forskingsarbeid i gruppa. Forskingsgruppa vil også legge vekt på å utvikle eit nasjonalt- og internasjonalt nettverk når det gjeld bruk av «systematisk observasjon» i utdanningsforsking.

Forskargruppeleiar/fagleg leiar

Professor Siv M. Gamlem, Institutt for pedagogikk (AHL).

Interne medlemar

Høgskulelektor Randi Lyngbø Ottesen, Institutt for pedagogikk (AHL).

Førsteamanuensis Pernille Fiskarstrand, Institutt for språk og litteratur – norsk (AHL).

Førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, Institutt for språk og litteratur – norsk (AHL).

Høgskulelektor/doktorgradsstudent Kim-Daniel Vattøy, institutt for språk og litteratur – engelsk (AHL).

Høgskulelektor/doktorgradsstudent Elisabeth Teige, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (ASH).

Høgskulelektor/doktorgradsstudent Elizabeth Oltedal, Seksjon for musikk (AKF).

Høgskulelektor Lina R. Kobberstad, institutt for kommunikasjon

Høgskulelektor Brit Kari Drejer, intstitutt for pedagogikk (AHL)

 

Eksterne assosierte medlemmer:

Marie Neergaard Hansen, Profesjonshøgskulen Absalon, Roskile (DK)