Studer religion i Volda!

Studer religion og livssyn i Volda!

Studerer du religion og livssyn ved Høgskulen i Volda vil du møte eit engasjert fagmiljø, med dyktige og imøtekommande lærarar. Her er det låg terskel for å banke på døra. Studiet i religion og livssyn vil gi deg grunnleggande kunnskapar om religionar og livssyn, etikk og filosofi. I tillegg kan du studere aktuelle tema som religion og livssyn i populærkulturen og i politikk og samfunnsliv. Du kan også ta dette studiet som nettstudium.

 

Vi tilbyr mellom andre desse studia: 

Vidareutdanning (generell studiekompetanse)

Religion, kultur og samfunn, opne emne - vidareutdanning (heiltid/deltid/nettstudium

Skule, religionsmangfald og sekularisering - vidareutdanning (deltid/samlingar)

Fordjupningsstudium (bachelornivå)

Religion, livssyn og etikk, fordjupingsstudium (heiltid/deltid)

Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)

Master

Kulturmøte (master)

Med studium i religion og livssyn kan du til dømes vere aktuell for jobbar innan formidling, i skuleverket, kulturlivet, internasjonalt arbeid, i helsesektoren, i media eller innan religiøst arbeid. 

Gode grunnar for å studere religion og livssyn ved Høgskulen i Volda:

Betre forståing for forskjellige kulturar: Religion og livssyn er med på å skape mangfald i kvardagen vår. Studiet gir aktuell og viktig kunnskap til å forstå og vurdere hendingar og fenomen i samfunnet og i samtida.
 
Auka kulturell bevisstheit: Over heile verda har menneskeleg historie og kultur blitt påverka av religiøse idear, religiøse institusjonar, religiøs kunst, religiøse lover og tradisjonar. Å kunne forstå nøkkelomgrep i dei største religionane i verda er viktig, uansett karriereveg.

Auka forståing av global kompleksitet: Internasjonal, nasjonal og lokal politikk vert påverka av religiøse idear og religiøse følelsar. Om lag 85 prosent av menneska i verda følgjer ei eller anna form av religiøs tradisjon eller praksis. Ved å studere religion og livssyn vil ein betre forstå korleis slike tradisjonar er med på å påverke ulike sider av samfunnet.
 
Forbetra jobbutsikter: Med årsstudium i religion, kultur og samfunn legg du grunnlag for vidare bachelorstudium og for Master i kulturmøte her i Volda. Gjennom desse studia vil du kunne utvikle evne til kritisk tenking, evne til å sette pris på mangfald og vilje til å få dine eigne idear utfordra. Dette er slike ferdigheiter arbeidsgivarar leiter etter i det 21. århundres arbeidsmarknad.