Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)

Examen philosophicum

Deltid, Nettstudium

Studieprogrammet gir kunnskap og innsikt i sentrale filosofiske spørsmål, og korleis ei rekkje filosofar har drøfta og svart på desse spørsmåla til ulike tider. Det kan inngå som emne i bachelorgradar og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta. 

Søk studieplass!

Søknadskode : 4000

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 10

Start Haust Vår

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Fagstoffet er delt i tre delar:

  • Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp.); oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
  • Etikk (3 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor moralfilosofien.
  • Vitskapsfilosofi (2 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar på Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Canvas, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i emneplanen.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Jonas Gamborg Lillebø

Studieplan

Examen philosophicum (nettstudium)

Studieprogram: 
Examen Philosophicum (nettbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
10
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.

Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp)

Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. 

Del 2: Etikk (3 stp)

Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.

Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp)

Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar: 

Etter avslutta studium skal studenten

-ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om

-ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider

-ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk

Ferdigheiter: 

Etter avslutta studium skal studenten

-ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium

-ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk

Generell kompetanse: 

Etter avslutta studium skal studenten

-ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på

Organisering og arbeidsmåtar: 

Dette studieprogrammet inneheld berre eitt emne, EXP100-AVG. Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisninga har form av leksjonar i Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post.Det vert utarbeidd ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av oppgåvene. I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Navn: 
Examen philosophicum (nettstudium)
Emne2018 Haust2019 Vår
Emnet har oppstart både haust og vår
1010
Kostnader: 

kr. 2500 + semesteravgift

Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø, tlf. 70075429, e-post jonas.gamborg.lillebo@hivolda.no