Studer idrett og friluftsliv i Volda!

   

Studer idrett og friluftsliv i Volda! 

Som idrett- og friluftslivstudent i Volda får du tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og sjølvsagt til den praktfulle sunnmørsnaturen! Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv.

Custom thumbnail

Idrett- og friluftslivstudentar får delta i og lære gjennom varierte aktivitetar både inne og ute – og med både praktisk og teoretisk tilnærming. Ekskursjonar og aktivitetar i naturen er gjerne den beste måten å lære gjennom.

Her er eit utval av utdanningar vi tilbyr innan idrett og friluftsliv: 

Idrett og kroppsøving (bachelor)

Idrett og kroppsøving (årsstudium)

Friluftsliv og naturguide (bachelor)

Friluftsliv (årsstudium)

Tindevegleder (vidareutdanning)

Custom thumbnail
Idrettsstudent støter kule.

Gode grunnar til å studere Idrett og friluftsliv i Volda:

Naturen: Den spektakulære sunnmørsnaturen er leikegrinda di som HVO-student. Frå kvasse tindar til flotte fjordar, skog, fjære, fjell, snø, vatn og sjø - i Volda har du tilgang på alt som gjer det deilig å vere ute. 

Gode fasiliteter: Visste du at Høgskulen i Volda har eiga øy? Vi har friluftsbase på Yksnøya, der vi mellom anna lærer om båtliv og overnattar ute. Vi har sjølvsagt tilgang på hallar og utstyret som trengs for å drive med det meste av idrettar. Vi leiger også ut klatreutstyr, kajakkar og har eit av landets billegaste studentidrettslag. 

Tverrfagleg kompetanse: Mediemiljøet vårt kan bidra til meir kunnskap om film og foto i naturen, og vi har eit godt samarbeid på tvers av campus og studieretningar, som kan utvide horisonten din ytterlegare. 

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet!

Dyktige og kompetente lærarar: Har vi dei blidaste og mest energiske lærarane i landet? Det kan ikkje vere langt unna. Det er ingen tvil om at gjengen vår brenn for faget sitt og å dele dette med studentane. Sjå video av Elisabeth, så skjøner du at det er eit argument i seg sjølv for å kome til Volda.