Religion, kultur og samfunn, opne emne
Vidareutdanning (bachelornivå)
Kunnskap om religionar og livssyn er viktig i dagens fleirkulturelle samfunn.
Studiet gir grunnleggande kunnskap om religionar, livssyn, etikk og filosofi, i tillegg til innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Det er relevant for mange yrkesgrupper, til dømes innanfor skule-, kultur og helsesektoren.
- Deltid, Heiltid, Nettstudium
- Varigheit Inntil 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
- Studieplan
Studieinnhald
Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som ønskjer å ta 30 studiepoeng, rår ein til emna Religion og livssyn I og II. Desse emna gir innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Studiet har følgjande emne:
- Religion og livssyn I (15 stp)
- Livstolking og populærkulturen (15 stp)
- Religion og livssyn II (15 stp)
- Religion og samfunn (15 stp)
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er nettbasert og all undervisning, rettleiing og eksamen vert gjennomført i undervisningsverktyet Canvas. Undervisninga er organisert i leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
I kombinasjon med ei lærarutdanning vil studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og i RE-faget i den vidaregåande skulen. Vidareutdanninga er også aktuell for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og kyrkje- og kulturliv.
Emna i studiet gir grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium, og kan innpassast i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
REL 152N Religion og livssyn II og REL 154N Religion og samfunn:
Oppstart: Mandag 4.1.2021 i Canvas.
Når studentane har registrert seg vil dei finne det dei treng av opplysningar i Canvas.
Pensum
Pensum til emna Rel152N og Rel154N finner du her
Studieplan
Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium, oppstart vår
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i nettstudiet Religion, livssyn og etikk kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
om religionar, livssyn, etikk og filosofi.
om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet
om religions- og livssynskritikk
om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
om heilage tekstar og religiøse praksisar
om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen
analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål
evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg
kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng
kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk
Studiet består av fire emne. Studiet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas.
Emne | 2021 Vår | 2021 Haust |
---|---|---|
Studentane kan ta emna kvar for seg eller i ulike kombinasjonar | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum | 30 | 30 |
- Deltid, Heiltid, Nettstudium
- Varigheit Inntil 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
- Studieplan
Søknadskode : 4140