Vidareutdanning (masternivå)
Regional planlegging og utvikling
Studiet gir deg kjennskap til sentrale teoriar, omgrep og debattar i regional planlegging og utvikling, og viser korleis desse bidreg til forståing og utforming av systematiske planleggingsprosessar med vekt på brei deltaking, dialog, refleksjon og læring.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
Vidareutdanninga på masternivå er retta mot planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. Studiet er også eigna for studentar som ønskjer å kvalifisere seg til slike stillingar.
Meir informasjon om studiet
Studiet vektlegg omgrepa instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, og viser korleis desse påverkar mellom anna synet på makt, læring, planlegging, innovasjon og utvikling. Studiet viser kvifor desse rasjonalitetsformene må kombinerast for å møte moderne samfunn sine utfordringar. Studentane opparbeider ferdigheiter til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i regionale samfunn, og kritisk kunne vurdere ulike verktøy for samfunnsendring.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert og lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Veke 35
25. - 28. august 2026
Veke 39
22. - 25. september 2026
Veke 43
20. - 23. november 2026
Kvar samling går over fire dagar. Den første dagen er sett av til ei digital læringsløype som studentane gjennomfører sjølvstendig. Dei tre påfølgjande dagane er det fysisk undervising på campus.
Tid og stad kjem snart.
Opptakskrav
1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.
- For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
- Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.
2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.
Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet kan takast som frittståande vidareutdanning, eller det kan inngå som obligatorisk del av master i Samfunnsplanlegging og leiing og som valfri del i master i Helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.


