Semestre

IPA301 Regional planlegging og utvikling

Emnekode: 
IPA301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2026 Haust
Eksamenssemester: 
2026 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir studentane kunnskap om utvikling av lokalsamfunn og regionar gjennom planlegging som strategisk verktøy. Det legg vekt på å forstå planlegging som ein kompleks og tverrfagleg prosess, der ulike aktørar, interesser og perspektiv må balanserast.

Studentane får erfaring med å identifisere, analysere og formidle samansette planutfordringar, og utviklar ferdigheiter i å presentere desse på ein fagleg og forståeleg måte.

Emnet går i djupna på kollaborative planleggingsperspektiv, og gir eit teoretisk og praktisk grunnlag for kritisk vurdering av plan- og utviklingsprosessar.

Emnet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk emne i mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing, men kan også takast som eit sjølvstendig vidareutdanningsemne.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • skal ha avansert kunnskap om lokalsamfunn og regionar og utvikling av desse
  • skal ha avansert kunnskap om kollaborativ planlegging
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan identifisere, forstå og formidle komplekse planutfordringar, og sjølvstendig vurdere og diskutere strategiar for å handtere desse
  • kan kritisk reflektere over kollaborativ planlegging som verktøy for å handtere komplekse planutfordrigar i lokalsamfunn og regionar 
  • skal kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bidra til utvikling av lokalsamfunn og regionar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er samlingsbasert med tre samlingar i løpet av semesteret. Kvar samling går over fire dagar. Den første dagen er sett av til ei digital læringsløype som studentane gjennomfører sjølvstendig. Dei tre påfølgjande dagane er det fysisk undervising på campus.

Campusundervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og studentaktivitetar. Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling. Det er ein føresetnad at studentane engasjerer seg aktivt i undervisningsaktivitetane gjennom semesteret.

Studentane får tilgang til undervisningsressursen Canvas. Her får ein tilgang til digitale læringsløyper, informasjon om samlingane, pensum, mm

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

Tre arbeidskrav må vere godkjende. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

Innhald og fristar for arbeidskrav kjem fram av Canvas.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Gro Anita Bårdseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Heimeeksamen over tre dagar.
Alle
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SAM301 Samplan
100%
15
Godkjent av: 
Randi Bergem 06.03.2023