Semesters
- 2026 Autumn
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
IPA301 Regional planlegging og utvikling
Ingen
Emnet gir studentane kunnskap om utvikling av lokalsamfunn og regionar gjennom planlegging som strategisk verktøy. Det legg vekt på å forstå planlegging som ein kompleks og tverrfagleg prosess, der ulike aktørar, interesser og perspektiv må balanserast.
Studentane får erfaring med å identifisere, analysere og formidle samansette planutfordringar, og utviklar ferdigheiter i å presentere desse på ein fagleg og forståeleg måte.
Emnet går i djupna på kollaborative planleggingsperspektiv, og gir eit teoretisk og praktisk grunnlag for kritisk vurdering av plan- og utviklingsprosessar.
Emnet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk emne i mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing, men kan også takast som eit sjølvstendig vidareutdanningsemne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- skal ha avansert kunnskap om lokalsamfunn og regionar og utvikling av desse
- skal ha avansert kunnskap om kollaborativ planlegging
Kandidaten
- kan identifisere, forstå og formidle komplekse planutfordringar, og sjølvstendig vurdere og diskutere strategiar for å handtere desse
- kan kritisk reflektere over kollaborativ planlegging som verktøy for å handtere komplekse planutfordrigar i lokalsamfunn og regionar
- skal kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling
Kandidaten
- kan bidra til utvikling av lokalsamfunn og regionar
Emnet er samlingsbasert med tre samlingar i løpet av semesteret. Kvar samling går over fire dagar. Den første dagen er sett av til ei digital læringsløype som studentane gjennomfører sjølvstendig. Dei tre påfølgjande dagane er det fysisk undervising på campus.
Campusundervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og studentaktivitetar. Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling. Det er ein føresetnad at studentane engasjerer seg aktivt i undervisningsaktivitetane gjennom semesteret.
Studentane får tilgang til undervisningsressursen Canvas. Her får ein tilgang til digitale læringsløyper, informasjon om samlingane, pensum, mm
Arbeidskrav
Tre arbeidskrav må vere godkjende. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Innhald og fristar for arbeidskrav kjem fram av Canvas.
Sensur vert gjennomført i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Planning and Leadership - master (part time)
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Heimeeksamen over tre dagar. | Alle |
| Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
|---|---|---|
SAM301 Samplan | 100% | 15 |