Planlegging og administrasjon
Bachelorgrad
Vil du vere med på å forme ei berekraftig samfunnsutvikling? Bidra til at det grøne skiftet vert noko vi gjennomfører, ikkje snakkar om?
Bachelor i planlegging og administrasjon har som mål å gi deg brei kunnskap om samfunnsvitskaplege emne med innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og juss. Viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking og berekraft er ein viktig del av studiet.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Studieinnhald
Du skal mellom anna gjennomføre lokalsamfunnsanalyse med feltarbeid i utvalde kommunar og lokalsamfunn, og lære om regional utvikling i EU. Det vert gjennomført ein studietur til eit av medlemslanda.
Studiet er fleksibelt organisert med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Du kan velje å fordjupe deg i til dømes forvaltningsarbeid, arealplanlegging og GIS eller kommunal økonomi. I tillegg er det mogleg å gjennomføre eit internship for å få meir praktisk erfaring innanfor offentleg, privat eller frivillig sektor.
Praksis og utveksling i utlandet
Studentane ved bachelor i planlegging og administrasjon kan ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Sør-Korea og USA. Les meir om internasjonalisering på nettsidene våre.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga i studiet varierer mellom førelesingar og praktiske øvingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. I tillegg vil du få praktisk kjennskap til forskjellige tema gjennom ekskursjonar og studieturar. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Med Bachelor i planlegging og administrasjon er du kvalifisert for ei lang rekke jobbar i ulike bransjar, både i privat og offentleg sektor. Du vil vere kvalifisert for til dømes leiar av utviklingsarbeid, sakshandsamar eller planleggar. Utdanninga gir også aktuell kompetanse for å jobbe innanfor media, rådgiving og næringsutvikling.
Bachelorgraden kvalifiserer for opptak ved Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante mastergradstudium.
Studieplan
Bachelor i planlegging og administrasjon
Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon er eit tverrfagleg studium. Gjennom studiet får du ei brei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne.
Her lærer du å sjå samanhengar mellom lokalsamfunnsutvikling og økonomisk sosial og kulturell berekraft.
Som del av utdanninga deltek du i fleire prosjektarbeid. Her får du øving i metodikkar for innsamling og bearbeiding av data om samfunn.
Studiet har ein yrkesretta profil og gir deg grunnleggande kompetanse i å arbeide med utviklings- og administrative oppgåver i både offentleg, privat og frivillig sektor. Studiet kvalifiserer også til mastergradsstudium i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, og vidareutdanning og mastergradsstudium ved andre utdanningsinstitusjonar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha:
- forståing for økonomiske, sosiale og fysiske utviklingstrekk, og utfordringar desse gir for berekraftig utvikling
- kunnskap om teoretisk og praktisk planlegging i kommunar og lokalsamfunn
- kunnskap om offentleg forvalting
Studenten skal:
- vurdere og forklare utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og organisasjonar
- kritisk reflektere rundt sentrale samfunnsvitskaplege tema
- gjennomføre sjølvstendige metodiske og faglege arbeid, både individuelt og i grupper
- framstille og presentere fagstoff som svarer på ei forskbar problemstilling
Studenten skal:
- ha utvikla gode haldningar til og verdiar for fagområdet
- samhandle med ulike aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor
- planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver, individuelt og i samarbeid med andre
- bruke verktøy og metodar på ein konstruktiv og kritisk måte
Organisering og arbeidsmåtar
Studiet gir 180 studiepoeng og går over tre år. Av dette er 135 studiepoeng obligatoriske og 45 valfrie.
Første studieår inneheld to obligatoriske emne, Samfunnskunnskap (IPA111) og Forvaltningskunnskap (IPA112). Emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei innføring i samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Forvaltningskunnskap gir ei innføring i planlegging, stats- og kommunalkunnskap, organisasjonsteori og juss.
Hausten i det andre studieåret består av dei obligatoriske emna Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode (IPA172) og Juridiske emne (IPA209).
Våren i det andre studieåret skal studentane velje blant valfrie emne, tilsvarande 30 studiepoeng. Instituttet tilbyr emna Administrasjon og juss (IPA110), Kommunal økonomi (IPA115), Grunnleggande innføring i leiing (IPA171), Innføring i arealplanlegging og GIS (IPA173), Arealplanlegging og GIS 2 (IPA274), og Internship with internship report (IPA203/IPA206). Alternativt kan det tilretteleggast for studiar i utlandet eller val av frie studieemne ved HVO eller andre norske universitet og høgskular.
Tidlegare fagemne/studiar kan søkjast om å få godskrive her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.
Tredje studieår inneheld tre obligatoriske fordjupingsemne. I haustsemesteret blir søkelyset retta mot regionale planleggings- og utviklingsprosessar i emna Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling (IPA202) og The European Union and regional development: theories and practice (IPA213), og i vårsemesteret skriv studentane bacheloroppgåva med sjølvvalt tema (IPA210A). I tillegg skal studentane velje eit valemne tilsvarande 15 studiepoeng som dei gjennomfører i vårsemesteret (jf. omtale av andre studieår).
Emne | 2022 Haust | 2023 Vår | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne 1. studieår | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Obligatoriske emne 2. studieår | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valfrie emne 2. og 3. studieår | 30 | 15 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
30 | ||||||
15 | ||||||
Obligatoriske emne 3. studieår | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Praksis er ikkje obligatorisk i studiet, men det er høve til å velje praksis som eit valemne på andre studieåret gjennom emnet Internship with internship report (IPA203/206). Aktuell praksisplass kan vere innan offentleg, privat eller frivillig sektor. Det vil her også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet.
Som ein del av studiet kan det tilretteleggast for studier i utlandet. Eit eventuelt utanlandsopphald gjennomførast i vårsemesteret andre studieår. Høgskulen i Volda har avtalar om studentutveksling med ei rekkje universitet og høgskular rundt om i verda. Val av studieemne skal vere godkjend av instituttet.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 452