Nynorsk i opplæringa
Vidareutdanning (bachelornivå)
Nynorsk i opplæringa er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa, men er nyttig for alle som vil heve nynorskkompetansen sin. Studiet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk.
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.02.2023 -
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.
- Studieplan
Studieinnhald
Studiet gir deg innsikt i språksituasjonen slik han er i dag, og dei historiske føresetnadene for at han er slik. I tillegg skal studiet gi innføring i språkdidaktikk og språklæring.
Det didaktiske perspektivet vil stå sentralt i studiet. I Nynorsk i opplæringa 1 vil ein leggje vekt på nynorsken slik han fungerer i dagens samfunn. I Nynorsk i opplæringa 2 vil ein leggje vekt på bakgrunnen og føresetnadene for den norske språksituasjonen.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagd opp med nettleksjonar, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i tråd med intensjonane i Fagfornyinga.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiet er nettbasert, så det er ikkje fysisk oppmøte. Semesterstart er 15. august (veke 33). Då blir første nettleksjon publisert i Canvas
Studieplan
Nynorsk i opplæringa, nettstudium, oppstart vår
Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Læreplanen.
Studieprogrammet Nynorsk i opplæringa er 30 studiepoeng vidareutdanning for lærarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk, litteratur og kultur spesielt
- språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
- rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekster på nynorsk
- relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
- nynorsk språkdidaktikk inkludert språkbadsmetodikk
- litteratur og litteraturformidling
Studenten skal
- kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- kunne leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
- kunne leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Studenten skal kunne
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Studiet er sett saman av dei to emne på 15 studiepoeng kvar. Sjå emnetabell.
Studiet skal formidlast gjennom lesing av leksjonar, lesing av pensum og skriftleg refleksjon over dette. Deltakarane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som skal godkjennast av faglærar, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk.
Emne | 2023 Vår | 2023 Haust |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det er ikkje praksis knytt til studiet
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.02.2023 -
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.
- Studieplan
Søknadskode : 4070