Mastergrad

Nynorsk skriftkultur

Deltid, Samlingar

Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste i landet Master i nynorsk skriftkultur. Gjennom skrifta formar vi tekstar, og dermed også den kulturen og det samfunnet vi er ein del av. Studiet av nynorsk skriftkultur gjer deg i stand til å forstå korleis dette skjer, og tek for seg skriftkultur generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4311

Info og frister

Varigheit 8 semester (4 år)

Studiepoeng 120

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2018

Studieinnhald

I masterstudiet vert det lagt vekt på å analysere utfordringar knytte til tileigning, meistring og bruk av språk og tekst og forholdet mellom skriftkultur og samfunn (literacy/literacies), med vekt på nynorskens stilling i fortid og notid. Studiet i nynorsk skriftkultur har tre hovudinnretningar: språk, litteratur og didaktikk, alle med vekt på nynorsk skriftspråk. Med utgangspunkt i tverrfaglege tilnærmingsmåtar gir studiet i nynorsk skriftkultur ein unik kompetanse for arbeid både i skulen og med anna språkleg og kulturelt arbeid.

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert som vekessamlingar. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emnet Skriftkultur. Ei innføring og eitt av dei to emna Språkvitskap og Den nynorske teksten (annakvar haust), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i Vitskapsteori og metode og Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i Nynorsk skriftskultur gir brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer for undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og NRK kan vere aktuelle arbeidsgivarar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Stig Helset

Studieplan

Nynorsk skriftkultur, deltid

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Om studiet: 

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studentane får eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Vi brukar ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Studiet gir deg brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer mellom anna for undervisning i skuleverket, for arbeid i forlag, media, fagstillingar ved museum, offentleg og privat kultursektor, kulturadministrasjon og kulturformidlingsinstitusjonar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten har inngåande kunnskap om

  • historia og  situasjonen til den nynorske skriftkulturen 
  • historia til skrift, skriving, og tekstproduksjon gjennom tidene
  • andre mindre brukte språk og om minoritetskulturar
  • historie og praksis i språknormering
  • historia til den nynorske litteraturen
  • utviklinga av det nynorske skriftmålet gjennom tidene, saman med kunnskap om dei utfordringane som nynorsken står overfor i dag
  • om moderne samfunns-, litteratur-, og språkteori
Ferdigheiter: 

Studenten kan

  • plassere den nynorske skriftkulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader
  • forklare og formidle forholdet mellom ulike skrifttradisjonar og politiske system
  • greie ut om skilnaden mellom skriftleg og munnleg kommunikasjon
Generell kompetanse: 

Studenten kan

  • analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og skriftleg
  • vise stor fagleg breidd innanfor språk- og kulturfeltet
  • forstå komparasjon, og arbeide komparativt med eit fagleg stofftilfang
  • formidle ei generell innsikt i utviklinga av kulturen i Vesten
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk 
Organisering og arbeidsmåtar: 

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert som vekessamlingar. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emna NYN301 Skriftkultur. Ei innføring og eitt av dei to emna NYN303 Språkvitskap og NYN304 Den nynorske teksten (annakvar haust), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i NYN302 Vitskapsteori og metode og ULNO303 Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Navn: 
Nynorsk skriftkultur, deltid
Emne2018 H2019 V2019 H2020 V2020 H2021 S2021 H2022 V
Obligatoriske emne
1515151515151515
 
1515
 
1515
 
15151515
 
Progresjonen på masteroppgåva er tentativ. Deltidsstudentar kan ta til på masteroppgåva etter at NYN301 og NYN302 er fullførte.
Valemne (det vert tilbydd to av i alt tre emne kvart studieår)
 
1515
 
NYN304 Den nynorske teksten
1515
 
15151515
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Stig Helset, tlf. 70 07 51 59, e-post stig.helset@hivolda.no