Vidareutdanning (masternivå)
Mikrohistorie
I dette studiet får du inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan mikrohistoriefeltet, og innsikt i utvalde døme på mikrohistoriske tilnærmingar, med vekt på kulturmøte.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
Mikrohistorie er ei historiefagleg tilnærming eller eit perspektiv som tek utgangspunkt i til dømes ei enkelthending, eit mindre lokalsamfunn eller ein enkeltperson for å seie noko om generelle forhold. Studiet fokuserer på det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, og kva moglegheiter og avgrensingar som ligg i det med vekt på analysar av kulturmøte.
Tilnærminga eller perspektivet kan nyttast på dei aller fleste historiske tema og periodar, frå steinalderen til i dag, og studentane får rettleiing i og høve til å nytte «mikroblikk» på eigne tema.
I den første delen av studiet vert det gitt ein historiografisk gjennomgang. I den andre delen blir definisjonar av fagfeltet drøfta opp mot ein del meir eller mindre anerkjente mikrohistoriske framstillingar. Studentane får kunnskap om metodar og teoriar, og skal prøve desse i praksis gjennom oppgåveskriving.
Kven er du?
Pensumliste finn etterkvart her.
Kvifor studere i Volda
Emnet inngår i Master i kulturmøte. Studentar som ønskjer å fullføre mastergraden vil få emnet automatisk godskrive ved opptak.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesing, delvis med nettstøtte, i tillegg til prosessorientert skriving. Studentane skal delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen. Les meir om arbeidskrav og eksamen i emneplanen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Digital semesterstart på zoom 19. august 2026 kl 14:00
Samlingane blir strøyma i sanntid (zoom).
Lenke og detaljar finn du i Canvas.
Veke 37
Digitalt, 3 dagar (heile dagane)
8. - 10. september 2026
Veke 41
Digitalt, 3 dagar (heile dagane)
6. - 8. oktober 2026
Opptakskrav
- Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
- Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag, og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
- Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.
Det er krav om karaktersnitt C eller betre.


