Vidareutdanning (bachelornivå)

Helsefag for sosialarbeidarar

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Høgskulen i Volda tilbyr ei heilt ny og unik vidareutdanning innan helsefag, som den einaste høgskulen i landet.

Målgruppe for vidareutdanninga: Sosialarbeidarar som jobbar med ulike sårbare brukargrupper som både har sosialfaglege og helsefaglege utfordringar. For eksempel tilsette i tenesta for funksjonshemma, rehabilitering og eldreomsorg, rus, psykisk helse, einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar og ungdom i barnevernsinstitusjon.

Studieavgift kr 8 000 (kr 4 000 pr. semester). Kommunen kan søkje fylkesmannen om støtte til studieavgift og andre utgifter.

Samlingsveker for neste år blir: Veke 5 (i Volda), veke 19 (i Ålesund) og veke 39 (i Volda).

 

Opnar for søking 1. november

Søknadskode : 4130

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Vår

Studieinnhald

Studiet fokuserer på korleis helseperspektivet kan supplere det sosialfaglege perspektivet. Dette vil legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren. Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg. Studiet gir innføring i grunnleggande medikamenthandtering, og rettar merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet. Fullført studium skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen.

Eitt emne - sju tema

  • Anatomi/fysiologi
  • Sjukdomslære/funksjonssvikt
  • Farmakologi/legemiddelhandtering
  • Førebyggande helsearbeid
  • Grunnleggande omsorg/pleie
  • Sentrale lover og organisering
  • Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling

Opptakskrav

  1. Utdanning innanfor sosialt arbeid, som sosionom eller barnevernspedagog på minst bachelornivå vil bli prioritert.
  2. Søkarar med anna relevant utdanning på minst bachelornivå og/eller søkare med dokumentert helse- eller sosialfaglig arbeidserfaring, kan få særskilt vurdering.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Helsefag for sosialarbeidarar er eit nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar på tre dagar (to samlingar i vårsemesteret og ei samling i haustsemesteret). Mellom samlingane jobbar studentane i nettbaserte læringsgrupper.

Mellom andre og tredje samling skal det vere sju dagar klinisk praksis innan helsefag. Dette er obligatorisk. Studentane er sjølve ansvarlege for å skaffe praksisplass. Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs.

Det er fire arbeidskrav. Avsluttande eksamen er ei individuelle skriftleg heimeoppgåve på 4000 ord.   

Kontakt

Kontaktpersonar:

Ellen Andenes ellen.andenes@hivolda.no tlf.70 07 53 96 og Ragnhild Korsbrekke rak@hivolda.no tlf. 70 07 50 84

Praktisk informasjon

Helsefag for sosialarbeidarar (HFSOS101) har studiestart onsdag 6. februar 2019 kl. 09.00.


     

Undervisningsstad

Samlingane for våren 2019 og hausten 2019 vert:

Vekesamlingar onsdag, torsdag og fredag:

Første samling: veke 6/ 2019 – dvs. onsdag 6.2. tom. fredag 8.2. (v/Høgskulen i Volda)

Andre samling: veke 19/ 2019 – dvs. onsdag 8.5 tom. fredag 10.5 (v/NTNU, Ålesund)

Tredje samling: veke 39/ 2019 – dvs. onsdag 26.9. tom. 28.9.2019 (v/Høgskulen i Volda)

 

Det er obligatorisk frammøte på samlingane og praksis (dvs. krav om 80% frammøte).

Annan informasjon

Studieavgift kr 8.000,- (Kommunen kan søkje fylkesmannen om støtte til studieavgift og andre utgifter). Betalinga skjer med kr 4.000,- pr. semester.

Alle studentar må registrere seg for å vere student ved høgskulen. Registrering gir deg m.a. tilgang til undervisningsrom i Canvas, tilgang til bygningar på høgskuleområdet og brukarnamn/passord til våre datasystem. Studentweb vert open for registrering fom. 12. desember.

Informasjon om registrering vil kome på denne nettsida: www.hivolda.no

Ver venleg å ta kontakt med Studentsørvis studentsorvis@hivolda.no (tlf.nr. 70 07 50 18) dersom du har spørsmål i tilknytning til registreringa.

 

Studieplan

Helsefag for sosialarbeidarar

Studieprogram: 
Helsefag for sosialarbeidarar
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
20 - 40
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
  1. Utdanning innan sosialt arbeid, som sosionom eller barnevernspedagog på minst bachelornivå vil bli prioritert. 
  2. Søkarar med anna relevant utdanning på minst bachelornivå og/eller søkaer med dokumentert helse- eller sosialfaglig arbeidserfaring, kan få særskilt vurdering. 

 

Om studiet
  • Studiet rettar seg primært mot sosialarbeidarar, ei viktig yrkesgruppe m.a. innan rusomsorg, eldreomsorg, psykisk helse, habilitering og rehabilitering. Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Ei utvida kompetanse for sosialarbeidaren vil bidra til ei meir fleksibel teneste.
  • Studiet fokuserer på korleis helseperspektiv kan supplere sosialfagleg perspektiv i møtet med brukarar med samansette vanskar.
  • Siktemålet er å legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren.
  • Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg.
  • Studiet rettar merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet.
  • Fullført emne skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen. 
  • Fullført studie gir innføring i grunnleggande medikamenthandtering, men gir ingen automatisk autorisasjon jmfr Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

sjå emneplan

Ferdigheiter

sjå emneplan

Generell kompetanse

sjå emneplan

Organisering og arbeidsmåtar
  • Nettstøtta studium med 3 obligatoriske samlingar á 3 dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret). Jmfr: Forskrift om studium og eksamen § 4-6
  • Studentane jobbar nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
  • Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
  • Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen. 
  • Det er fire arbeidskrav som må vere godkjent før eksamen.
  • Eksamen er ei individuell, skriftleg heimeoppgåve.  
Navn: 
Helsefag for sosialarbeidarar
Emne2020 Vår2020 Haust
1515
Praksis

Sju dagar klinisk praksis innan helsefag 

Kostnader

Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Ellen Andenes, ellen.andenes@hivolda.no, tlf. 70 07 53 96