Helserett i kommunen

Vidareutdanning (bachelornivå)

Målgruppa for studiet er tilsette innanfor den kommunale helse- og omsorgstenesten som fattar enkeltvedtak og handsamar klager på vedtak om kommunale tenester. Tilbodet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Omsorgskompetanse AS, og er svært relevant for praksisfeltet.

Studiet har ei avgift på kr 16 000 + semesteravgift.

 

 

 

 

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse og 15 stp. i juridiske fag, eller bachelorgrad i sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller i sosialt arbeid.

    Annan bakgrunn, som til dømes sjukepleiar med administrativ erfaring, kan få opptak etter ei individuell særskild vurdering ut frå relevant praksis. Relevant praksis kan til dømes vere arbeidsattest frå saksbehandling i stat, fylkeskommune eller kommune, eller i helsetenesta generelt. Relevante kurs og vidareutdanning vil bli vektlagt.

Studieinnhald

Studiet gir oversikt over rettar og plikter innanfor ulike sentrale tema i helse- og omsorgsjussen. Det er eit mål å gi studentane kunnskapar og ferdigheiter i å forvalte helse- og omsorgstenestene i kommunane på ein god måte, og i tillegg styrke evna til refleksjon og problemløysing. Les meir om emnet her.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet har tre samlingar, der arbeidsmåtane varierer mellom forelesingar, dialogbasert undervising, gruppearbeid og seminar. Studentaktivitet er ein sentral arbeidsmåte. Det er krav om minimum 80 % frammøte til undervisningssamlingane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga er retta mot saksbehandlarar og leiarar innanfor dei kommunale helse- og omsorgstenestene som ønskjer styrka forvaltingskompetanse, styrka kunnskap om og ferdigheiter i skjønnsutøving. Den gir grunnleggande saksbehandlarkompetanse og kompetansegrunnlag for til dømes saksbehandlarstillingar ved kommunale tildelingskontor for helse- og omsorgstenester.


Last ned studiet som PDF

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse og 15 stp. i juridiske fag, eller bachelorgrad i sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller i sosialt arbeid.

    Annan bakgrunn, som til dømes sjukepleiar med administrativ erfaring, kan få opptak etter ei individuell særskild vurdering ut frå relevant praksis. Relevant praksis kan til dømes vere arbeidsattest frå saksbehandling i stat, fylkeskommune eller kommune, eller i helsetenesta generelt. Relevante kurs og vidareutdanning vil bli vektlagt.

Søk frå 1. februar

Søknadskode : 4105

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post