Vidareutdanning (bachelornivå)
Forvaltningsarbeid
Nettstudiet gir ei innføring i ulike sider ved offentleg forvaltning. Du får kunnskap om brukarorientering, styring og omstilling og dessutan elementær innføring i forvaltningsrett og arbeidsrett.
Studieavgift 5 000 kr
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.11.2026
Studiet har løpande opptak.
Emnet gir ei svært nyttig og grunnleggande innføring i viktige tema innanfor offentleg forvaltning og sakshandsaming
Gjennom studiet får du mellom anna innsikt og kunnskap om offentleg forvaltning og korleis offentleg forvaltning er strukturert og blir styrt.
Du skal gjennomføre praktiske øvingar der du skal formulere faglege argument på ein tydeleg måte. Ved innlevering av arbeid vil du få verdifull tilbakemelding som kan hjelpe deg å forbetre arbeidet ditt. Du lærer også korleis du skal formidle ein fagtekst på ein god og klar måte.
Studiet har ei studieavgift på 5 000 kr i tillegg til semesteravgift.
Du kan planlegge din eigen studiekvardag etter kva som passar for deg og din livssituasjon. Emnet har ingen fysiske eller digitale samlingar.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet har fast oppstartdato og studiet følger ein progresjon med 1 nettleksjon i veka.
Undervisninga er organisert i nettleksjonar med læringsfilmar og tilhøyrande øvingar. Du får tilbod om rettleiing på arbeidskrav og diskusjonsforum på nett.
Slutteksamen er ei individuell digital oppgåve over 10 dagar.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Dette er eit reint nettbasert studium utan fysiske eller digitale samlingar. Aktivitetane går føre seg på Canvas.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir ei nyttig og grunnleggande innføring i viktige tema innanfor offentleg forvaltning og sakshandsaming.
Pensum
Pensumlista blir publisert, på nettsidene våre, medio november.
Studieplan - Deltid
Forvaltningsarbeid (nettstudium)
Studiet skal gi folk som driv med sakshandsaming eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. Studiet gir ei kort innføring i:
- offentleg forvaltning - prosessar og strukturar
- styring, kontroll, omstilling
- brukarorientering
- styringsmåtar i offentleg forvaltning
- økonomistyring og personaladministrasjon
- offentligrettslege emne (forvaltningsloven og arbeidsrett)
Studiet vil eigne seg for personar som arbeider i, eller tek sikte på å arbeide i, offentleg forvaltning. Studiet eignar seg også for personar i privat sektor som har behov for kunnskap om rettsreglar som styrer offentleg myndeutøving.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten·skal ha kunnskap om
- viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og om korleis forvaltninga er organisert
- viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar i forvaltninga·
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep, og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne vise evne til refleksjon og kritisk tenking rundt sentrale problemstillingar i forvaltninga.
- Skriftlege nettleksjonar
- Videosnuttar
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
- Diskusjonsforum på nettet
Læringsplattforma Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet føreset at studenten er aktiv i Canvas.
| Emne | 2026 Vår |
|---|---|
| 15 | |
| Sum (15 total) | 15 |
Kr 5.000,- i studieavgift


