Vidareutdanning (bachelornivå)

Forvaltningsarbeid

Deltid, Nettstudium

Dette nettstudiet gir ei innføring i ulike sider ved offentleg forvaltning. Du får mellom anna kunnskap om brukarorientering, styring og omstilling, samt elementær innføring i forvaltningsrett og arbeidsrett. Studiet høver godt for deg som er, eller vil bli, sakshandsamar i offentleg sektor.

Søk studieplass!

Søknadskode : 3920

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet gir ei nyttig og grunnleggande innføring i viktige tema innanfor offentleg forvaltning og sakshandsaming.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar:

  • Nettleksjonar
  • Streaming av enkelte førelesingar
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
  • Diskusjonsforum på nettet

Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Les meir i emneplanen her

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp med leksjonar, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, kommunikasjon på e-læringsverktyet Canvas. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Håkon Bø