Å vere nettstudent

Denne sida gjeld både for studentar som tek reine nettstudium, og studentar som tek studium som kombinerer fysiske samlingar og nettstudium.

Velkomen som nettstudent ved Høgskulen i Volda!

Nettstudium har det same faglege innhaldet som tradisjonelle studium, forskjellen er at du ikkje treng å vere til stades på campus. Har du internett, har du studiet med deg over alt! Dette gir deg fridom til å studere når og kvar du vil, og nettstudium er difor fint å kombinere med reise, arbeid eller familieliv. 

Dersom du har fått studieplass på eit nettstudium hjå oss, må du registrere deg som student ved Høgskulen i Volda. Det gjer du her. Etter at du har registrert deg får du tilgang til det digitale læringsmiljøet Canvas. Der vil undervisningspersonalet legge ut informasjon om sjølve innhaldet i kurset. Du finn også viktig informasjon om ditt kurs i den praktiske informasjonen for kvart studietilbod og i studie- og emneplanane. Nokre studium er berre nettbaserte, medan andre har valfrie eller obligatoriske samlingar på campus i tillegg. Informasjon om dette finn du i emneplanen til kurset ditt.

Dersom du skal møte til ei samling eller avlegge eksamen i Volda, finn du informasjon om korleis du kjem deg hit her. Du kan også gå inn på Mazemap for å finne fram på campus. Elles finn du relevant informasjon for deg på For Studentar-sida. Det er særleg viktig at du held deg til viktige fristar ved høgskulen og at du er godt kjent med eksamens-sida vår.

Vi ber deg om å setje deg inn i dei ulike informasjonskanalane du kjem til å bruke som student, som Studentweblæringsplattforma Canvas, og e-post for studentar.

Lukke til med studiet!

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
- måndag kl. 9.30 - 15.45 
- tysdag - fredag kl. 9.00 - 15.45

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset