Undervisningsformer for nettstudentar

For nettstudentane finst det undervisningsformer som kombinerer bruk av ulike digitale verktøy og nettundervisning. Vi brukar e-læringsverktøyet Canvas og nokre nettbaserte studium brukar også konferanseverktøy som Zoom eller Adobe Connect. Somme studium har i tillegg fysiske samlingar i Volda. Sjekk emneplanen og den praktiske informasjonen for kvart studietilbod for informasjon om ditt studium.

 

Gjennom læringsverktøya til høgskulen får du:

  • tilgang til undervisningsmateriale
  • delta på nettsamlingar heimefrå
  • ha jamleg kontakt med dine lærarar og medstudentar

Undervisningsformer for heilt eller delvis nettbaserte studium

Nettbaserte førelesningar

Nettbaserte førelesingar kan verte presentert på to ulike måtar ved Høgskulen i Volda:

  • Gjennom førelesningar i sanntid i webkonferanseverktøyet Adobe Connect. Då er lærarar og studentar kopla opp, og ein kan stille spørsmål og delta i diskusjonar der.
  • Gjennom ei innspelt førelesing som vert lagt ut på det digitale læringsmiljøet Canvas, slik at ein kan sjå førelesninga når ein har tid.

Gruppearbeid

I eit gruppearbeid samarbeider du med ei gruppe studentar om eit prosjekt eller ei oppgåve. Dersom de skal samarbeide gjennom internett, er det vanlegast å bruke webkonferanseverktøyet Adobe Connect. Der kan de møtast til bestemte tidspunkt med lyd og bilete, de kan diskutere oppgåver og utveksle dokument. Gruppearbeidet kan foregå både med og utan lærar.

Seminar

I eit seminar arbeider studentar og lærar saman om fagspesifikke oppgåver eller prosjekt. Undervisningsforma er uformell. Når seminaret er nettbasert møtast de til bestemte tidspunkt i eit virtuelt klasserom i Adobe Connect. 

Rettleiing

Ei rettleiing kan anten skje mellom nokre studentar, eller mellom ein student eller ei studentgruppe og ein lærar. I rettleiinga gir ein konstruktive tilbakemeldingar på skriftlege oppgåver, muntlege framlegg eller anna arbeid. Ei nettbasert rettleiing kan skje gjennom Adobe Connect. 

Undervisningsmateriale

Alt av undervisningsmateriale for eit emne vert gjort tilgjengeleg for deg som student. Dette kan mellom anna vere opptak av undervisning/førelesning, filmar, tidlegare eksamensoppgåver, lenker til nyttige vevsider med meir. Lærarane gir deg tilgang til alle desse ressursane i det digitale læringsmiljøet Canvas. 

Sjølvstudium

Sjølvstudium er den innsatsen du sjølv legg ned i studiet ditt, som til dømes lesing av pensumlitteratur og anna relevant faglitteratur, bruk av læringsressursar, oppgåveskriving med meir. Sjå Gode studievanar for nettstudentar for råd om dette.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset