Utstyr og programvarer for nettstudentar

Før du startar på eit studium med nettsamlingar må du sjekke at du har det som trengst av utstyr og programvare.

På nokre nettbaserte studium vert Adobe Connect brukt som læringsverktøy, medan andre nettbaserte studium berre brukar Canvas. Sjekk emne- og studieplanen og den praktiske informasjonen for kvart studietilbod for å finne ut kva læringsverktøy du skal bruke som nettstudent. 

Trykk her for å finne informasjon om kva utstyr og programvare du treng dersom du skal bruke Adobe Connect .

Canvas er det digitale læringsmiljøet til Høgskulen i Volda, og alle studentar skal bruke dette programmet. I Canvas legg undervisningspersonalet ut innhaldet i kurset, og dei kan også presentere fagstoff i tekst, lydfil eller video der. Det er og mogleg med studentaktivitetar der, som til dømes diskusjonstrådar, quizar, samskrivingsvertøy eller andre verktøy for å variere undervisninga. 

Merk at studentar med Feide-innlogg på arbeidsplassen sin, må huke av for "Høgskulen i Volda" før innlogg med Feide til Canvas. 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset