Fjernstudent

Studentar som er knytte til Høgskulen i Volda gjennom fjernundervisning eller nettstudium, kan bruke biblioteket.

LÅNE BØKER

Når du har registrert deg som student og fått studentnummer, er du også registrert i biblioteket sitt låneregister. Dersom du har studentkort, kan du bruke det som lånekort. Ta kontakt med biblioteket for å bli registrert som fjernstudent.

Studentar som er busette utanfor Volda-/Ørsta-området kan få bøker kostnadsfritt tilsendt i posten. Dersom det er mange bøker, brukar vi transportordninga mellom biblioteka. Det avtalar vi på førehand, og bøkene blir sende til ditt nærmaste bibliotek.

Du må returnere bøkene når lånetida er ute. Dersom du leverer bøkene på ditt nærmaste bibliotek, slepp du å betale porto for returen. Hugs å gi beskjed om at du har lånt bøkene frå Høgskulen i Volda.

SØK, FINN OG BESTILL 

Du kan søke etter bøker, artiklar og annan litteratur i bibliotekbasen Oria. Bøker (ikkje e-bøker) kan du bestille og få tilsendt. For å få tilgang til biblioteket sine elektroniske ressursar (t.d. e-bøker og tidsskriftartiklar), må du logge på med brukarnamnet og passordet du har til Feide/Canvas. Meir informasjon om korleis dette fungerer finn du her: Tilgang til bibliotekressursar utanfor campus.

FRAMGANGSMÅTE FOR Å BESTILLE BØKER:

  • Logg inn i Oria med brukarnamnet og passordet du har fått til Feide/Canvas. Innloggingsknappen finn du øvst til høgre.
  • Når du har funne den boka du vil ha, klikkar du på "Finn og bestill" og deretter på "Bestill dokument". 
  • Dersom du manglar "Bestill dokument", må du kontakte biblioteket slik at vi kan få lagt til funksjonen på brukarprofilen din.
  • Under hentestad vel du  "Levering til adresse - Adresse heime" . 
  • Dersom boka er utlånt, vert du sett på venteliste. Du får boka tilsendt så snart ho er ledig.

INNLÅN FRÅ NORSKE FAGBIBLIOTEK

Dersom du ikkje finn det du treng i biblioteket vårt, kan du søke vidare i "Norske fagbibliotek" i Oria. Vi kan skaffe både bøker og tidsskriftartiklar frå andre bibliotek. Denne tenesta er gratis. 

HAR DU FLEIRE SPØRSMÅL?

Send gjerne ein e-post til skranke@hivolda.no. Du kan også ringe til skranken på tlf. 70 07 50 60.