Lån ein bibliotekar

Er du masterstudent, stipendiat eller forskar og skal skrive ei større oppgåve eller starte på eit forskingsprosjekt? Då kan du ha god nytte av ein rettleiingstime i litteratursøk saman med ein bibliotekar.

«Lån ein bibliotekar» når du:
•    Har søkt sjølv, og synest det er vanskeleg å finne nok litteratur i Oria
•    Treng hjelp til å formulere søkeord
•    Manglar oversikt over kva databasar det er relevant å søke i
•    Ønskjer å auke kunnskapane dine om litteratursøk og søketeknikk

For å få best mogeleg utbytte av timen, er det lurt om du har søkt ein del på førehand og har problemstillinga di klar.

Send inn skjema for å bestille time, og ein bibliotekar vil ta kontakt med deg.