Tips til litteratursøk

FORMULERE SØK


Finne søkeord - skjema (ta utskrift til eige bruk)

Kombinere søkeord med boolske søk (for dei meir avanserte)

 

Før du går i gang, er det viktig å gjere eit godt forarbeid. Det vil seie at du må planlegge søket:

1. KLARGJER PROBLEMSTILLINGA DI OG BESTEM SØKETERMAR

Formuler problemstillinga i stikkord på norsk og engelsk. Tenk på synonym og kombinasjonar av ord. Desse orda brukar du som søkeord i databasane. Ordnett er eit godt hjelpemiddel for å finne synonym og engelske termar.

2. VURDER KVA FOR TYPE INFORMASJON DU TRENG

Treng du faglitteratur frå bøker, eller er du mest interessert i tidsskriftartiklar? Er norsk materiale mest interessant, eller ønskjer du å søke i utanlandske basar? Treng du faktainformasjon, statistikk eller lover? Dette er faktorar som er avgjerande for kva for databasar du skal søke i.

3. SØKETEKNIKK

Dei forskjellige databasane har ofte ulikt søkespråk og ulike søkemogelegheiter. Nokre grunnleggjande søketeknikkar kan det  likevel vere nyttig å kjenne til:

0 treff eller for få treff: Utvid søket

  • Trunkere: Å søke på ordstammen, etterfulgt av eit trunkeringsteikn, som oftast *
    Døme: barn* inkluderer barns, barnevern, barnehage, osv.
  •  Søk på synonym, andre omgrep, evt. meir overordna termar.
  • Sjekk stavemåte, namneform, språk, osv.

For mange treff: Avgrens søket

  • Kombiner med fleire søkeord
  • Avgrens søket til bestemte felt (td. forfattar, emne)
  • Avgrens til bestemt publikasjonsstype (td. masteroppgåve, fagfellevurderte tidsskrift, osv.)
  • Avgrens i tid (dato eller år)

Frasesøk
Dersom du ønskjer å søke på ein frase, dvs. at to eller fleire ord skal kome i ei bestemt rekkjefølgje, så er det i mange databasar slik at ord som står ved siden av kvarandre automatisk vert søkt på som ein frase. I andre databasar  søkjer ein på frase ved å setje hermeteikn rundt orda. 
Døme: "videregående opplæring", "global warming"