Treng du tilrettelegging i studiekvardagen? – Snakk med oss!

Tekst: Vilde Moltudal Igland , Foto: Vilde Moltudal Igland | HVO

– Vi ser at mange ønskjer å «starte på nytt» når dei går frå vidaregåande skule til høgare utdanning, og ikkje ber om tilrettelegging. Dei veit ofte lite om kva dei kan få, og kven dei kan spørje.

Det seier studentrettleiarane Ingunn Teigen Blindheim og Madeleine Zetterlund Stenhammer hjå Høgskulen i Volda. Dei arbeider i Studieadministrasjonen, og er to av fleire tilsette her som kan vurdere kva som passar for deg og studiet du går på.

– I tidlegare skulegang har dei hatt krav på at andre ser behova utan at dei sjølve melder frå. Dette er annleis i høgare utdanning. Mange tenkjer også at no skal dei vere vaksne og klare seg sjølve. Men dei har framleis same kropp og sinn som tidlegare, som har innverknad på korleis dei handterer studiet og studiekvardagen, fortel dei.

Les meir: Forskar på studentar med dysleksi, ADHD og Asperger syndrom

Frå utvida stønad frå Lånekassen til hjelpemiddel frå NAV

Høgskulen i Volda tilbyr fleire former for tilrettelegging og tiltak, og ein kan dele dette inn i to hovuddelar. Tilrettelegging av eksamen, og tilrettelegging av studiekvardagen.

Utfordringar i kvardagen kan vere krevjande og verke inn på studia dine. Hensikta med tilrettelegging er å gje alle dei same moglegheitene og fjerne unødige hindringar. Høgskulen ønskjer difor å legge til rette, der det er mogleg. Tiltaka er for studentar med funksjonsnedsettingar eller andre særkilde behov. Eksempel på dette kan vere lese- eller skrivevanskar, nedsett syn eller høyrsel, ADHD, angst, svangerskap, at du vert råka av sjukdom, allergi, beinbrot eller utfordringar.

Når vi skal planlegge tilrettelegginga inviterar vi til ei rettleiingssamtale der vi ser på dine behov og dei faglege krava på studiet ditt. Det varierar kva slags tilrettelegging som er mogleg på forskjellege studie, men tiltaka skal ikkje redusere faglege krav i studiet ditt eller gje ein fordel samanlikna med medstudentane. I tillegg kan tilrettelegginga normalt ikkje gje fritak frå obligatorisk frammøte eller praksis. Vi finn fram til løysingar i lag med deg og nokon frå studiet ditt.

Ingunn og Madeleine står forann Berte Kanutte
Ingunn Teigen Blindheim og Madeleine Zetterlund Stenhammer frå Studieadministrasjonen står klar for å hjelpe deg med tilrettelegging i studiekvardagen. Du finn dei ved Studentsørvis i 1. etasje ved inngangen til Berte Kanutte-huset. Foto: Vilde Moltudal Igland | HVO

Har du rett på tilrettelegging, er usikker på om du har det eller ønskjer meir informasjon, er Studentsørvis rette instans for kontakt
Epost: tilrettelegging@hivolda.no eller tlf: 700 75 000.

Ved Studentsørvis kan du få hjelp til mykje, og dei kan også tipse deg om andre støtteordningar frå Lånekassen, lydbøker for studentar med lese- og skrivevanskar, og hjelpemiddel og tiltak frå NAV.

Kan få ekstra tid på eksamen

Det vanlegaste tiltaket, ifølgje Ingunn, er meir tid på eksamen og eventuelt arbeidskrav. På eksamen vert det innvilga ekstra tid for dei som søkjer og dokumenterer behovet innan fristen.

Fristen for å søkje om tilrettelegging av eksamen for haustsemesteret er 1. oktober, og 15. februar for vårsemesteret.

– Vi kan innvilge fleire løysingar, ut frå kva studenten dokumenterer. Det er viktig å få fram kva ein faktisk kan trenge for å kunne vise fagkunnskapen sin på lik linje med andre. Studenten kan diskutere problem og løysingar med lege eller andre fagpersonar, eller med oss, for å kome fram til kva vi kan gjere, seier Ingunn og Madeleine.

Alt må likevel skje utan å senke faglege krav, sidan læringsmåla er dei same for alle på same emne.

Både Ingunn, Madeleine og gjengen på Studentsørvis kan hjelpe deg med å sortere tankar rundt studiet du har valt. Kanskje treng du lenger tid for å fullføre studiet, eller må endre planane dine? Kjennest studiet feil, eller er du usikker på om du passar i jobben du får etterpå?

– Snakk med oss, men bruk også lærarane som kan meir om faget, arbeidsfeltet og korleis studiet heng saman. Vi ønskjer at du skal finne ut kva du er god til og hjelper deg gjerne vidare, seier Ingunn og Madeleine.

Del på