Tilrettelegging av eksamen

(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)


Dersom du har spesielle behov ved eksamen, kan du søkje om tilrettelegging. Dette behovet må dokumenterast av ein lege eller sakkunnig. Merk at fristen for å sende inn søknad er 1. oktober for haustsemesteret, og 15. februar for vårsemesteret. Fristen for å ettersende dokumentasjon i samband med søknad om tilrettelegging, er 15. oktober for haustsemesteret, og 1. mars for vårsemesteret. Særskild tilrettelegging er normalt utvida tid eller bruk av hjelpemiddel. Andre tiltak kan vurderast når det er dokumentert særlege behov.

Søknadsskjema for særskild tilrettelegging av eksamen


Dersom det oppstår ein akutt situasjon som sjukdom, skade eller liknande i samband med eksamensgjennomføringa, kan du søke om akutt tilrettelegging. Dette kan også gjelde nyoppståtte diagnoser som ikkje var kjent før fristen for å søke om permanent tilrettelegging, eller forverring av kjent diagnose. Dokumentasjon som legeattest eller uttale frå sakkunnig må følgje søknaden for at den skal bli sakshandsama. Det må kome fram i dokumentasjonen at behovet er nyoppstått/akutt.

Søknadsskjema om akutt tilrettelegging finn du her: Bokmål / Nynorsk

Dersom du skal søkje om tilrettelegging og skal innhente dokumentasjon frå lege eller annan sakkunnig, ber vi om at du tek med dette følgebrevet. I følgebrevet kjem det fram kva Høgskulen i Volda treng av dokumentasjon: ( Bokmål / Nynorsk)

Kven kan få tilrettelagt eksamen?

Studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilte behov kan søke om individuell tilrettelegging av eksamen. Formålet med tilrettelegginga er å kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden. 

Funksjonsnedsetting kan vere tap av eller skade på ein kroppsdel eller i ein av kroppen sine funksjonar.

Særskilte behov kan vere både fysiske og psykososiale utfordringar. Dei kan vere mellombelse, men det er viktig at vanskane er av ein vesentleg karakter. 

Kva tilrettelegging kan du få?

Alle søknadar vert vurdert og handsama individuelt og lista er ikkje utfyllande. Tilrettelegginga du kan få er basert på informasjonen som kjem fram i dokumentasjonen du leverer inn.

Aktuelle tiltak kan vere:
•    Utvida eksamenstid
•    Tilrettelagt eksamenslokale
•    Bruk av tekniske hjelpemiddel
•    Skrivehjelp, teiknespråktolk og anna praktisk hjelp
•    Høgtlesing av oppgåveteksta på skriftleg eksamen
•    Studentar som ammar kan søkje om tid til å amme i samband med eksamen
•    Studentar med anna morsmål enn norsk kan søkje om tospråkleg ordbok
 

Utvida tid

Ei rettesnor til kva du kan få av utvida tid er følgjande:
•    Skriftleg skuleeksamen eller heimeeksamen på 2 timar: 15 minutt utvida tid
•    Skriftleg skuleeksamen eller heimeeksamen på 3-5 timar: 30 minutt utvida tid
•    Skriftleg skuleeksamen eller heimeeksamen på 6-8 timar: 60 minutt utvida tid
•    Heimeeksamen på 24 timar: 60 min utvida tid
•    Heimeeksamen på 2 dagar: 2 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 3 dagar: 3 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 4 dagar: 4 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 5 dagar: 5 timar utvida tid
•    Heimeeksamen på 6-10 dagar: 24 timar utvida tid.


Utvida tid gjeld normalt ikkje for denne typen eksamenar: oppgåve, mappe, munnleg, praktisk og gruppe. Alle søknadane vert behandla individuelt ut ifrå dokumentasjonen du sender inn.  
 

Korleis søker du om tilrettelegging?

Dersom grunnlaget for særskild tilrettelegging er av varig karakter, er det nok å sende søknad om permanent tilrettelegging ein gong for den gjeldande studierettperioden. Studenten må søke på nytt ved endra behov.

Digitalt søknadsskjema om tilrettelegging finn du her: Søknadsskjema om særskild tilrettelegging av eksamen. Du kan også kontakte Studentsørvis for papirskjema. Søknad og tilhøyrande dokumentasjon skal leverast inn innan 1. oktober for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret. Ved både ettersending og innsending av nyare dokumentasjon skal søknadsskjemaet brukast.

Dokumentasjon som forklarar behovet for tilrettelegging må vere ein legeattest eller attest frå annan sakkunnig, til dømes psykolog, logoped, PP-teneste eller anna autorisert helsepersonell. Denne må sendast inn saman med søknaden (eventuelt ettersendast innan fristen). Det er viktig at dokumentasjonen inneheld:

  • Beskriving av funksjonsnedsettinga og kva konsekvens den har for eksamensgjennomføringa.
  • Om det er ein varig eller tidsavgrensa tilstand.
  • Tiltak som kan vere aktuelle for å redusere ulempa den aktuelle funksjonsnedsettinga fører til i eksamenssituasjonen.


Lese og skrivevanskar 
Dysleksi må dokumenterast med rapport frå utgreiing av lese- og skrivevanskar, ikkje ein legeattest. Dokumentasjonen sendast inn saman med søknaden.

Pollenallergi
Allergi er ikkje grunnlag for å seie at du har ein urimeleg ulempe i gjennomføringa av eksamen. Ved alvorlege plagar kan det likevel innvilgast utvida tid. Det må då kome tydeleg fram av dokumentasjonen: 

  • At du har alvorlege plagar.
  • Kva type plagar du har.
  • Kva type pollen du er allergisk mot.
  • Korleis plagene går utover eksamenstida.
  • Konkret kva veker/månader dette gjeld.

Migrene

Migrene gir vanlegvis ikkje grunnlag for å seie at studenten har ein urimeleg ulempe i eksamenssituasjonen, ettersom det er store individuelle ulikskapar i omfang og funksjonsnedsetting.

Dersom ein har migrene ein gang i blant, vil det vere meir aktuelt å levere legeerklæring slik at ein får moglegheit til å ta opp igjen eksamen ved eit seinare tidspunkt (kontinuasjonseksamen). Ved kroniske og alvorlege plager kan det innvilgast tilrettelegging av eksamen. Det må då kome tydeleg fram av dokumentasjonen:

  • At plagene er kroniske og at du har hyppige migreneanfall med betydelege symptom.
  • Korleis symptom før, under og etter anfall påverkar funksjonsevna di i eksamenssituasjonen.
  • Kva type tiltak som kan vere aktuelle for å redusere ulempa funksjonsnedsettelsen din medfører i eksamenssituasjonen.
Akutt søknad om tilrettelegging av eksamen

Dersom det oppstår eit tilretteleggingsbehov etter at søknadsfristen har gått ut, må du sende inn ein akutt søknad så snart behovet for tilrettelegging oppstår. Det må kome tydeleg fram i dokumentasjonen at behovet har oppstått etter søknadsfristen, og kva som trengst av tilrettelegging. Dokumentasjonen må vere vedlagt søknaden. 

Søknadsskjema om akutt tilrettelegging finn du her: Bokmål / Nynorsk

Tilrettelegging kan innvilgast dersom det er praktisk mogleg å gjennomføre. Dersom det ikkje er mogleg å tilrettelegge for den aktuelle eksamenen kan du søkje om gyldig fråvær. 

Svar på søknaden

Når søknaden din er ferdig handsama vil du få eit vedtaksbrev med informasjon om du har fått innvilga tilrettelegging eller ikkje, samt eventuelt kva som har vorte innvilga. I vedtaksbrevet står det ofte informasjon som er viktig at du får med deg, og du må lese dette nøye. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.

Sjå kva du har fått innvilga
Du kan sjekke Studentweb  for å sjå kva du har fått innvilga. Tilrettelegginga vil du sjå under aktive emne og under komande hendingar.

Aktive emne:

Aktive emne

Komande hendingar:

Komande hendingar

Kva må du gjer før eksamen?

I god tid før eksamen må du gjere deg kjent med kva tilrettelegging du skal ha og kva dette inneberer. Tilrettelegginga kan vere ulik for kvar eksamen. 

Dersom du har fått innvilga utvida tid, vil du sjå dette på prøva i Inspera: 

Utvida tid i Inspera
Klagerett på vedtak

Eit vedtak om tilrettelegging er eit enkeltvedtak og dei generelle reglane om sakshandsaming gjeld for disse. Dette betyr at du har klagerett på vedtak om tilrettelegging. Klagefristen er tre veker og skal leverast til Studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda.  Hugs å opplyse om kva vedtak du klagar på, kva endringar du ønskar og gjerne også grunnane du har for å klage.