Retningslinjer
Høgskulen i Volda har gjennom Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda regulert dei ulike fasane av studieløpet. På denne sida finn du regelverk og retningslinjer som forklarar deg som student kva rettar og plikter du har som student ved Høgskulen i Volda.
Ny Lov om universiteter og høyskoler vart iverksett 1. august 2024. I samanheng med den nye lova har Høgskulen i Volda revidert "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda". Denne blei sett i verk 1.august 2025 og du kan finne den her. Retningslinjene for opptak, studium, eksamen og sensur, som du finn på denne sida er under oppdatering og vil bli fortløpande oppdaterte for å vere i samsvar med den nye forskrifta. Er du i tvil om noko av innhaldet er endra kan du kontakte Studieadministrasjonen.