Treng du nokon å snakke med?

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ikkje nøl med å ta kontakt med Høgskulen. Vi har fleire ressurspersonar som sit klare til å snakke med studentar som har behov for å prate og få gode råd.

Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) vert gjennomført kvart fjerde år av Folkehelseinstituttet på oppdrag frå dei store studentsamskipnadane i landet.
Neste SHoT-undersøking går ut i 2022, men på grunn av koronasituasjonen vart det i år laga ei tilleggsundersøking. 

Svar frå koronaundersøking

Svara frå denne undersøkinga vart gjort kjend måndag 26. april. Der kjem det mellom anna fram at 45 prosent av studentane har eller har hatt psykiske plager dei siste 12 månadane. Dette er ei auke på 13 prosent frå 2018, då SHOT-undersøkinga vart gjennomført sist.

På den positive sida kan ein merke seg at dei fleste av studentane meiner at dei ikkje har tapt tid med tanke på studia sine gjennom koronaperioden, og kjem til å vere der dei hadde forventa å vere i studieløpet.

Breitt velferdstilbod i Volda

Treng du som student nokon å snakke med om bekymringar, tankar, uro, følelsar eller studiekvardagen din i ei tid som er veldig annleis for alle? Vi har studentrådgjevarar, psykologteneste, studenthumanist, studentprest, studentombod og Studentparlamentet som alle gjerne høyrer frå deg som student. 

Kontaktinformasjon til alle desse og videoar der fleire av dei presenterer seg finn du her.

Desse personane har teieplikt og du kan trygt snakke med dei om det du vil. Dei har alle sine spesialområde som dei kan hjelpe deg spesielt med.

Studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim fortel at du kan snakke med ho om du har ulike diagnosar som verkar inn på korleis du no taklar studia dine. 

– Du kan også ta kontakt med meg om alt du lurer på rundt endringar av studiet, permisjonar, omval av studium. Eg jobbar også med tilrettelegging, seier Teigen Blindheim.

Samtalepartnar og representant for studentane

Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen har stor forståing om den nye kvardagen opplevast uvant og vanskeleg for studentane. 

– Eg er ein samtalepartnar for dykk studentar når noko er vanskeleg eller de treng å lufte tankane dykkar om etiske eller eksistensielle spørsmål, seier Ellingvåg Knutsen. 

Trym Rimmen er leiar i arbeidsutvalet i Studentparlamentet i Volda. Han er medlem i krisestaben ved Høgskulen i Volda, som no har jamlege møter i samband med koronasituasjonen.

– Eg skal sørge for at dykk studentar er representert på alt det som no skjer på Høgskulen i Volda. Meiner dykk at det er noko eg eller andre i arbeidsutvalet kan gjere, så ta kontakt, seier Rimmen.

Del på