Studentsamskipnaden – kva kan dei gjere for deg?

SiVolda – Studentsamskipnaden i Volda – er her for å gjere studietida di tryggare, enklare og meir sosial! Enten du skal finne ein plass å bu, treng nokon å snakke med, eller har lyst til å ta del i miljøet på studenthuset Rokken, er SiVolda der for å legge til rette for deg.

Heltne blokker SiVolda

Tekst: Webmaster Volda, Foto: Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda)

- Oppdatert

Del på:

Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) tilbyr eit breitt spekter av tenester for studentar – frå bustad og helsetilbod til trening, mat, rådgjeving og sosiale møteplassar. Dei driv studenthuset Rokken, arrangerer aktivitetar og jobbar for at du skal trivast både fagleg og sosialt. SiVolda er eit viktig supplement til offentlege og private tenester, og spelar ei sentral rolle i studentmiljøet i Volda.

Bustad – kort veg til alt!

studenthybel

Å flytte til ein ny stad betyr også at du treng ein ny plass å bu!

Det første møtet med SiVolda skjer ofte allereie før du kjem til Volda, sidan det er dei som tildeler studentbustader. Som student ved Høgskulen i Volda har du rett på bustad gjennom SiVolda. Dei tilbyr hyblar, hybelleilegheiter, familieleilegheiter og bustader tilpassa rørslehemma – for både enkeltstudentar, par og barnefamiliar.

Tildeling skjer fortløpande, og det er ingen søknadsfrist.

Fleksible ordningar

Det er lurt å søke om bustad så tidleg som mogleg. Skulle du ønskje å bytte til ein annan bustad hos SiVolda etter at du har flytta inn, kan du flytte internt til ein ledig bustad – utan oppseiingstid.

Studentbustadane til SiVolda ligg nært både campus og sentrum. Du betalar ikkje depositum, straum er inkludert i dei fleste bustadane, kvitevarer føl med – og vaktmeistertenester er inkludert i leiga!

Helsetenester og støtteordningar

Når studiet er godt i gang, kan heimlengsel eller ei kjensle av å ikkje finne seg heilt til rette dukke opp. Då er det godt å vite at SiVolda har eit breitt tilbod av helsetenester for deg og dine medstudentar. Du kan ta kontakt med studentrådgjevar, studentpsykolog eller helsesjukepleiar, og du kan nytte gratis helsestasjon.

Har du store helseutgifter, til dømes til tannbehandling eller kiropraktor, kan du søke om støtte frå helsefondet. Du kan også få refundert eigendelar frå legekonsultasjonar og psykologtime gjennom SiVolda si helsekasse

Studenthuset Rokken – ikkje berre for studentar

kafélokale

Studenthuset Rokken er eigd og drive av Studentsamskipnaden i Volda og rommar både scene og kafé. Rokken Cafè er ein triveleg møteplass for studentar, lokalbefolkning og turistar, og byr på ein variert streetfood-meny og god kaffi i hyggelege omgjevnader.

Rokken – meld deg som frivillig!

frivillige studentar

Mange store artistar har stått på scena på Rokken – og fleire kjem til hausten! Studenthuset kan ikkje eksistere utan frivillige, og SiVolda oppmodar deg til å bli med i baren, crewet, vakthaldet, PR-gruppa eller ein av dei mange andre oppgåvene som held huset levande.

Å vere frivillig på Rokken er ein super måte å bli kjend med andre studentar utanom studiet – og kanskje får du nærkontakt med ein kjend artist? Uansett får du gratis konsertbillettar og blir ein del av eit sosialt og engasjert fellesskap!

Tett samarbeid

Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden (SiVolda) er tett knytt saman - noko du merkar godt i kvardagen.

Kantina, for eksempel, er drifta av SiVolda, men ligg i lokala til høgskulen. Eit anna døme er samtaletenesta: Treng du nokon å snakke med, kan du ta kontakt med SiVolda sin studentrådgjevar, eller du kan få samtale med studentprest eller studenthumanist knytt til høgskulen.

Desse samarbeider tett og er der for å støtte deg gjennom alle fasar av studietida.

Studentsamskipnaden i Volda:

Følg med i sosiale medium!

SiVolda er på Facebook og på Instagram og deler jamleg oppdateringar og informasjon om aktuelle hendingar.

Del på: