Sentral i podkast om inngangen til andre verdskrigen
Førsteamanuensis Åsmund Svendsen møter utanriksminister Espen Barth Eide i Nasjonalbibliotekets podkast «Gamle greier». Temaet er korleis statsråd Halvdan Koht blei syndebukken for det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940.

Historikar og HVO-førsteamanuensis Åsmund Svendsen er sentral i Nasjonalbibliotekets ferske podkast om Halvdan Koht. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Førsteamanuensis Åsmund Svendsen ved Historisk institutt på Høgskulen i Volda (HVO) har skrive fleire biografiar. Blant dei er Halvdan Koht. Veien mot framtiden (Cappelen Damm, 2013) om mannen som var Noregs utanriksminister frå 1935 til 1941 – og altså statsråd under det tyske overfallet våren 1940.
Namnet til historikaren, politikaren og målmannen Halvdan Koht (1873–1965) blei synonymt med nederlaget 9. april 1940, trass i den betydelege innsatsen hans som utanriksminister i Nygaardsvold-regjeringa den våren.
Koht er temaet for den nyaste utgåva av Nasjonalbibliotekets podkast «Gamle greier», som har fått tittelen «Halvdan Koht – syndebukken for 9. april».
Podkasten belyser temaet i to episodar. Først kan du høyre ei dramatisert forteljing om Koht og 9. april 1940, både førespelet og vala til utanriksministeren denne skjebnesvangre dagen i norsk historie. HVOs Åsmund Svendsen har vore konsulent for episoden, der Koht-biografien hans er ei av hovudkjeldene.
Den andre episoden, podkasten sin «bonusprat», er ein samtale mellom Svendsen og dagens utanriksminister i Noreg, Espen Barth Eide. Temaa for samtalen er Halvdan Koht, Noregs nøytralitetspolitikk og om Noreg var sjanselause mot Tyskland i 1940.
– Noreg må alltid føre ein aktiv fredspolitikk
HVO-førsteamanuensis Åsmund Svendsen vil at lyttarane spesielt skal ta med seg tre ting frå podkasten.
– For det første må norske politikarar vere fullt ut oppdaterte når det gjeld korleis forsvaret fungerer. Dette er på plass no. For det andre kan vi ta med oss at eit samla folk, i det minste slik at alle grupper i befolkninga har ein plass i det som kan kallast eit statsborgarleg nasjonalt fellesskap, er viktig når vi snakkar om forsvarsevne.
Det tredje punktet framhevar Svendsen som det aller viktigaste:
– Det er at fred i og for Noreg alltid er avhengig av fred internasjonalt. Difor må Noreg, og dette er eit politisk synspunkt, alltid føre det Halvdan Koht sjølv kalla ein aktiv fredspolitikk. Det kan tyde så mangt, og det kan omfatte både NATO-medlemskap og eit aktivt engasjement i FN.
Svendsen legg til at han meiner Noreg òg må føre ein aktiv Europa-politikk og alltid bidra til eit godt samarbeid i vår eigen verdsdel.
– Noreg ligg trass alt i Europa, det er her våre næraste allierte held til.
Her kan du lytte
Podkasten finn du på nettsidene til Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/gamle-greier/
Du kan også høyre begge episodane via strøymetenesta Spotify:
- Halvdan Koht – syndebukken for 9. april (dramatisert forteljing)
- Bonusprat: Halvdan Koht – syndebukken for 9. april (Svendsen og Barth Eide)
Vil du vite meir om Halvdan Koht, kan du også lese artikkelen om han i Store norske leksikon som Åsmund Svendsen er medforfattar av: Halvdan Koht (snl.no)





