Nytt arbeidsutval i Studentparlamentet – dette vil dei jobbe for

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Det nye arbeidsutvalet i Studentparlamentet som nyleg er valt vil gjere det enda betre å vere student i Volda. Få med deg kva dei vil hjelpe og arbeide med.

Studentparlamentet valte nytt Arbeidsutval (AU) ved sitt siste møte i vår. Forutan leiar som blei gjenvalt, var samlege nye og har gjennomgått opplæring gjennom mai. Det er no eit engasjert AU som er klar til å representere studentstemma ved Høgskulen i Volda.  
Bli betre kjent med medlemmane under:

Trond Fredrik Hagemann Hoddevik – leiar
tf

Leiar, koordinerer og prioriterer arbeidsoppgåvene i AU, og representerer studentane. Er med i møter både internt med rektorat, samskipnad, etc. og eksternt med Norsk Studentorganisasjon og Studentråd UH-nett Vest på vegne av Studentparlamentet. 

Leander Prag Sømme – nestleiar og fagansvarleg 
leander

Avlastar leiar ved behov og deltek på møter i likskap med leiar. Elles er jobben fokusert mot å sørgje for best mogleg studiekvalitet og at studentar finne seg til rette på sitt studium. Tillitsvalde på studieprogramma blir også følgt opp i allmøte som fagansvarleg arrangerer.

Andrine Kompen – velferdsansvarleg 
andrine

Sikre at studentmiljøa er aktive og inkluderande for alle, og at velferdstilbodet er det beste som råd. Særskild fokus på studentorganisasjonar og festivalane ved høgskulen, med godt samarbeid i Velferdsgruppa. 

Ammy Bolme – internasjonalt ansvarleg
ammy

Sørgjer for at Høgskulen er supergode på å inkludere internasjonale studentar. Gi dei møteplassar og arrangement der dei og norske studentar kan bli kjent på tvers av bakgrunn, lokalt og nasjonalt gjennom SAIH – Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond. 

Severine Riise Eidem - informasjonsansvarleg 
severine

Ansvaret ligg på å synleggjere og kommunisere ut til studentar om Studentparlamentets og andre samarbeidspartnarar sine arbeid og aktivitetar. Det vere gjennom nettsider og sosiale medium. Følg gjerne Studentparlamentet på Facebook og Instagram.


AU ser fram til å arbeide med dagleg drift av Studentparlamentet og sørgje for eit aktivt studentdemokrati, forberede og følgje opp sakar og jobbe for det beste til alle studentar. Dei er alltid opne for å ta imot forslag på saker – du finn dei på kontoret sitt i første etasje i Berte Kanutte-huset!

Del på