Ny konferanse i Volda set søkelys på musikk og helse i eldreomsorga
Musikk kan ha positiv innverknad på livskvaliteten vår seint i livet. Det er bodskapen når Høgskulen i Volda inviterer til konferansen «Musikk og helse – eit møtepunkt for helse og livskvalitet i eldreomsorga» 6. november.

Konferansen som går av stabelen ved Høgskulen i Volda (HVO) 6. november 2025, handlar om å dele kunnskap og erfaringar om korleis musikk kan bidra til betre helse og meistring for eldre – særleg for dei som treng hjelp i kvardagen.
– Musikk følgjer oss gjennom heile livet og kan skape meining, fellesskap og glede. Når demens rammar, eller når kognitive, språklege og fysiske funksjonar blir svekte, kan musikk ha positiv innverknad på livskvaliteten vår, seier HVO-førstelektor Øystein Salhus, som er arrangør for konferansen.
Fagleg påfyll og musikalsk opning
Dagen startar med ein minikonsert frå Volda demenskor, før forskarar og fagpersonar deler innsikt frå forsking og praksis.
Blant foredragshaldarane er professor Christian Gold ved Universitetet i Bergen, som presenterer funn frå EU-prosjektet MIDDEL. Han har forska på korsong og musikkterapi, og på korleis dette verkar inn på demens.
Kinn kommune, som har erfaring med å bruke musikk i demensomsorg, deler sine erfaringar ved Jorunn Nydal Bakke. Seinare på dagen held professor Brynjulf Stige innlegg om musikkterapi i eit samfunnsperspektiv og arbeidet i kunnskapsklynga Polyfon.
Gratis og open for alle
Konferansen er gratis og open for alle interesserte. Lunsj kan kjøpast i kantina, og påmelding skjer via Nettskjema innan 5. november.
Arrangør for konferansen er forskargruppa Skapande læringsprosessar i musikk ved Institutt for musikk, Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.





