Musikk og helse - eit møtepunkt for livskvalitet i eldreomsorga
Høgskulen i Volda arrangerer konferanse om musikk og helse torsdag 6. november 2025!
Konferansen handlar om å dele og legge til rette for musikalsk deltaking seint i livet når vi treng hjelp. Musikk angår oss alle frå vi er unge til vi blir eldre. Vi har vårt personlege forhold til musikk og vi deler musikken med kvarandre i fellesskap. Når demens rammar, eller når kognitive, språklege og fysiske funksjonar blir svekte, kan musikk ha positiv innverknad på livskvaliteten vår.
På konferansen får vi presentert forsking og utviklingsarbeid innan musikk, helse og musikkterapi. Kinn er ein kommune som i fleire år har brukt musikk for personar med demens og store hjelpebehov. Dette arbeidet har ført til store framskritt og er utgangspunkt for deling av praksis og forsking innan feltet.
Volda demenskor vil opne konferansen med ein eigen minikonsert.
Velkomen til eit spennande påfyll om korleis musikk kan berike livet! Konferansen er gratis og open for alle.
Arrangør er forskingsgruppa «Skapande prosessar i musikk» ved Institutt for musikk, Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.
Program:
09.30: Registrering
10.00: Opning ved Volda Demenskor
10.30 - 11.15: Forskning på korsang og musikkterapi og innvirkningen det har på demens med utgangspunkt i EU prosjektet Music interventions for Dementia and Depression in Elderly care (MIDDEL).
Christian Gold, Professor UIB
11.15 - 11.30: Pause
11.30 - 12.15: Musikk og helse i et musikkterapeutisk perspektiv. Erfaringer fra implementering av musikkterapi i helse- og omsorgsarbeid for eldre med store og sammensatte hjelpebehov Kinn kommune.
Jorunn Nydal Bakke, Fagleiar LEV VEL, helse og velferd, Kinn kommune
12.15 - 12.30: Dialog og spørsmål
12.30 - 13.15: Lunsj
13.15 - 14.00: Musikkterapi i et samfunnsperspektiv. Om å binde sammen musikk og helse, akademia og praksis, gjennom kunnskapsklynga Polyfon.
Brynjulf Stige, Professor UIB, Leiar for Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
14.00 - 14.15: Pause
14.15 - 15.00: Dialog, spørsmål og oppsummering
Lunsj kan kjøpast i kantina for dei som ønskjer det.
Påmelding her: https://nettskjema.no/a/552345
Frist for påmelding er 5. november.