Nominer studentar til Høgskulestyret no
Fram til 19. september kan studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) nominere seg sjølv eller andre studentar til val av studentrepresentantar til styret ved HVO. Her kan du lese tidlegare studentrepresentant Mats Ekeberg sine tankar om kvifor du bør stille til val.

I perioden 29. september til 6. oktober 2025 skal to studentrepresentantar og to vara veljast inn i Høgskulestyret for perioden 2025-2026.
No kan alle studentar ved Høgskulen i Volda nominere seg sjølv eller andre studentar til Høgskulestyret. Fristen for å nominere er 19. september kl. 14.00.
Hugs å avtale på førehand med den eller dei studentane du vil nominere, slik at dei er einige i nominasjonen.
Viktige datoar for studentrepresentantvalet
19. august–19. september, kl. 14.00: nominasjonsperiode.
22. september kl. 14.00: svarfrist for dei nominerte.
26. september: presentasjon av studentrepresentantane på nett.
26. september–2. oktober: valkampperiode.
29. september–6. oktober kl. 14.00: valperiode.
Høgskulestyret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Som studentrepresentant får du vere med å bestemme viktige saker ved høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen.
Kvifor vere med i Høgskulestyret?
Mats Ekeberg var studentrepresentant i Høgskulestyret i perioden 2022-2023. Under her fortel han om korleis det var å ha vervet og kvifor DU bør stille til val.
Høgskulen i Volda har to sjefar: direktør Oddrun Berit Rangsæter og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Dei er på sett og vis sidestilte. Deira sjef igjen er Høgskulestyret – ei gruppe på elleve personar beståande av rektor (styreleiar), tre fagleg tilsette (dei som jobbar som undervisarar/forskarar på høgskulen), ein administrativt tilsett (som jobbar i administrasjonen ved høgskulen), fire eksterne (utnemnd av kunnskapsdepartementet) og to studentar (DEG?).
Eg har vore studentrepresentant i høgskulestyret i to år. Eg skal ikkje seie at eg berre har kost meg i høgskulestyret desse to åra. Det har vore hardt arbeid, og eg er heilt blåst etter kvart møte. Men, eg har utretta ting. Eg har vore med på mange diskusjonar, og gitt stemme i alle saker som har kome opp. To saker som er verdt å nemne er at eg har sikra at høgskulen framleis har den demokratiske ordninga med vald rektor (6 mot 5 stemmer), og at eg har jobba mykje med argumentasjon for å sikre at omgrepet «studentaktive» arbeids- og læringsformer er eksplisitt framført i ulike styringsdokument.
I tillegg har eg lært VELDIG MYKJE. Me studentar på høgskulen er her for å lære, og det ein lærer som høgskulestyrerepresentant er unikt for denne rollen. Ein får innblikk i samanhengar i organisasjonen og forhold til samfunnet rundt. Korleis dei fagleg tilsette og studentane høyrer saman, og kva rolle høgskulen og utdanninga har i samfunnet.
Det å vere høgskulestyrerepresentant er eit veldig viktig arbeid. I retrospekt ville eg ha gjort jobben gratis. Men, den er bra betalt: for seks møter i året får ein betalt over hundre tusen kroner. Desse møta inneber sjølvsagt mykje forarbeid (gjerne 1000 sider lesing til eit møte) – noko som er del av grunnen til det store honoraret.
Høgskulen treng kandidatar som ivrar for demokratisk arbeid til desse rollane. Om nokon av dykk har spørsmål om rolla og lurer på om dette er noko for dykk – ta kontakt. Det er ein mannleg og ein kvinneleg representant som blir valt. Dei blir valt for eitt år om gangen. Første møte er i oktober, siste i september året etter.
Hev handa og meld deg sjølv opp! Det blir verdt det, først og fremst i høve medverknad og læring, men også økonomisk. Å vere studentrepresentant i Høgskulestyret er den viktigaste jobben ein student kan ha på høgskulen!
Har du spørsmål om rolla som studentrepresentant i Høgskulestyret, ta kontakt på ekeberg_mats@hotmail.com.