Markerte dobbelt jubileum

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Torsdag 20. juni feira høgskulen at det var 50 år sidan distriktshøgskulane (DH-skulane) vart oppretta og 25 år sidan Høgskulen i Volda vart oppretta.

DH-skulane vart oppretta som ei prøveordning der DH-skular i Volda – og Molde – var blant dei første og der høgskuleutdanning i bygdemiljø var heile poenget med å legge 
ein distriktshøgskule til Volda/Ørsta. Professor em. Jørgen Amdam var ein av dei første som vart tilsett ved DH-skulen, med doktorgrad frå Ås. 

Det er i år 25 år sidan Høgskulen i Volda vart oppretta gjennom samanslåing av Volda lærarhøgskule og Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda. Gudmund Hernes og det politiske fleirtalet tykte det var ille med ein distriktshøgskule på kvart nes, og talet på institusjonar minka frå ca 100 til ca. 25.

Torsdag var Hernes tilbake i Volda og møtte ni tidlegare rektorar; Per Halse, Gunnar Stave, Sverre Måseidvåg, Nils Mæhle, Ketil Jarl Halse, Tor-Johan Ekeland, Jon Tvinnereim, Jan Driveklepp og Jan Ove Ulstein, samt noverande rektor Johann Roppen.
 

Hernes var saman med tidlegare rektor og no ordførar i Volda, Jørgen Amdam og førsteamanuensis Eirik Søvik innleiar under det faglege seminaret om høgskulehistorie som opna markeringsdagen. I tillegg til gamle dagar sto også framtida for høgskular i sentrum under seminaret.

Tilbakeblikk og framtid var også sentrale tema når Hernes seinare heldt hovudtalen under jubileumsmarkeringa for alle tilsette ved Høgskulen i Volda.

Under kan du sjå tidlegare dosent Jostein Fet fortelje om utviklinga av DH-skulane og Volda sin posisjon i dette. 
 

Del på