Løfta debatten om innhaldet i norsk utdanning
Kva har skjedd i skulen som har gjort studentane mindre førebudde på å studere? Kva tiltak må til, og kva kan vi gjere for å møte denne studentmassen? Det var temaet då OsloMet-professor Kim Helsvig vitja Volda.

Professor Kim Helsvig under innlegget «Kunnskapsløs kompetanse» ved Høgskulen i Volda 24. oktober 2025.
På sjølvaste FN-dagen 24. oktober fekk Avdeling for historie og samfunnsfag (ASH) ved Høgskulen i Volda (HVO) besøk av professor Kim Helsvig ved OsloMet.
Foredraget til Helsvig hadde tittelen «Kunnskapsløs kompetanse» – Hva har skjedd i skolen som har gjort studentene mindre studieforberedte, og hvilke tiltak må og kan vi gjøre for å møte denne studentmassen?
Han presenterte debatten om innhaldet i norsk skule, ein debatt som no også når UH-sektoren (høgare utdanning). Helsvig er utdanningshistorikar og trekte opp linjene i den norske debatten, med særleg vekt på utviklinga frå 1970-talet og fram til i dag.
Drøfta den kostbare PISA-satsinga i norsk skule
Professor Kim Helsvig tok turen innom Volda i samband med at han var hovudinnleiar om same tema ved NTNU sitt interne seminar om kvalitetsutvikling.
Helsvig var utfordra til å snakke om samanhengen mellom norske læreplanar og utfordringar med dagens studentmasse. NTNU hadde også invitert representantar frå skular og andre institusjonar, mellom andre HVO, til ein paneldebatt etter Helsvigs innlegg i Ålesund.
OsloMet-professoren presenterte dette innlegget på nytt ved ASH på HVO, etter ein invitasjon frå ASH-dekan Jorunn Sem Fure. I innlegget viser Helsvig til debatten som har gått i fleire medium dette året, om konsekvensane av OECD-skulen (Malkenes 2025) og utfordringane ein kompetansemålbasert læreplan skaper, også for studentmassen.
Helsvig drøfta kostnadene knytte til omlegginga særleg etter tusenårsskiftet, og viste til at PISA-testane først og fremst måler skuleflinkheit/skulemodning (Helsvig 2025) og speglar veksande sosioøkonomiske skilnadar.
Den ideologiske vendinga har kosta samfunnet dyrt, med investeringar i over 750 nye skuletimar frå 2002 til 2008, eit Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) som årleg kostar minst 2,6 milliardar kroner å drifte (Prøitz-utvalet), og oppretting og utvikling av eit Utdanningsdirektorat som hadde som hovudoppgåve å forbetre dei norske PISA-resultata.
PISA-satsinga har kosta, og resultata er fallande på mest alle av direktoratet sine eigne indikatorar, sa Helsvig.
Ein skule tømt for fagleg innhald
Hovudpunkta i kritikken mot læreplanen frå Helsvig og kollegaene ved OsloMet går ut på at skulen langt på veg er tømt for fagleg innhald, og det blir derfor opp til den enkelte lærar å bestemme kva elevane lærer frå skule til skule, klasse til klasse.
Skulen skaper derfor ikkje eit minimum av felles referanserammer som er nødvendige for å oppretthalde ein demokratisk samtale i samfunnet. Eit vagt innhald gjer det vanskeleg å skape tydeleg progresjon i undervisninga. Undervisninga skaper skilnader i samfunnet i staden for å jamne ut. Dette blir på lenger sikt også merkbart i høgare utdanning.
Problemstillingar aktuelle for fleire
Etter innlegget ved ASH fredag vart det kommentarar, spørsmål og diskusjon, om mykje av dei same problemstillingane som stod på dagsordenen i Ålesund dagen før.
Kim Helsvig har i over eitt år monitorert debatten om norsk skule i mediebiletet, og dette deler han dagleg med dei som har meldt si interesse for å stå på lista hans. Er du interessert i å få oppdateringane, kan du kontakte han per e-post: kimguhe@oslomet.no.
Problemstillingane som vart drøfta ved NTNU, er mest truleg like aktuelle ved HVO, og det er plass til mange fleire i referansegruppa til Helsvig, både lærarar, forskarar og folk i leiarstillingar.




