Høgskulen har fått studentombod

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har for første gang tilsett eit studentombod. – Det betyr tryggleik for studentane og ein god person å søke råd hos og støtte seg på i ulike saker, meiner Trym Rimmen, leiar i studentparlamentet.

1. august vart Sindre Rødne Dueland Høgskulen i Volda (HVO) sitt første studentombod. Fredag gjesta han HVO for første gang og var i møte med representantar frå leiinga og studentparlamentet.

– Det er veldig flott at høgskulen har eit studentombod på plass og vi er glad for kunne samarbeide om dette med Høgskulen på Vestlandet (HVL), seier Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved HVO.

Studentane sine rettigheiter

Studentombodet er eit samarbeid mellom HVL og HVO, der 20 prosent av stillinga fell til HVO. Rødne Dueland skal etter kvart over i ei sameleis stilling ved Universitetet i Bergen, men vil halde fram med å hjelpe til med saker for studentar ved HVL og HVO fram til ein erstattar er på plass. Når det nye ombodet er på plass, vil vedkomande ha sine tilmålte arbeidsdagar i Volda, og heile tida vere tilgjengeleg på e-post og telefon.

Eit studentombod vil vere noko nytt for både studentar og tilsette ved HVO. Vi finn det difor lurt at Rødne Dueland sjølv får forklare rolla:

– Det primære i rolla er å gi studentane råd og rettleiing i korleis dei skal ivareta rettigheitene sine som studentar. Det kan vere å forklare kvifor vedtak på til dømes søknader eller klager frå høgskulen er blitt som dei er blitt. Så kan eg vurdere om saken er noko å gå vidare og gi råd vidare.

Les meir om studentombodet og kva bistand ein kan få her.

Trygg juridisk hjelp

Studentombodet kan ikkje vere part i ein sak mellom student og høgskulen, berre vere rådgivande for studenten. Det vil seie at ombodet ikkje kan skrive eit brev eller ein klage til høgskulen på vegne av ein eller fleire studentar. Ombodet skal vere uavhengig høgskolen og motsett.

Frå 1. august vart alle høgskular og universitet i landet pålagt å ha eit studentombod. Prorektor Mjellem Tonheim ser berre positivt på at studentane kan ha ein slik ressurs å spørje til råds.

– Det er godt at studentane får juridisk kompetanse å bruke, når dei er i tvil om eller usamd med avgjersler frå høgskulen. Det er ikkje alltid vi som høgskule gjer alt rett, og på den måten er eit studentombod ei tryggheit både for studentane og høgskulen. Ein vinn-vinn-situasjon, meiner prorektoren.

Svarar på Facebook

Rødne Dueland seier at han mottek veldig mykje ulike spørsmål frå studentane, noko han sett pris på. – Ingen spørsmål er for små og ingen for store. Om eg ikkje kan svare, kan eg vise vedkommande vidare. Om ein sit med ei kjensle av å bli dårleg behandla eller er ueinig i korleis ein blir behandla av høgskulen, er studentombodet rette person.

Ofte kan det vere kort rettleiing som skal til for å løyse opp i problema, og difor er Rødne Dueland oppteken av at det skal vere enkelt å få tak i ombodet. Sjølv gir han mykje tilbakemeldingar via samtalefunksjonen på Facebook, og nytter også mykje e-post. Om ein ønskjer eit fysisk møte med ombodet, må det avtalast på førehand.

 

Kontaktinformasjon studentombodet:

Sindre Rødne Dueland
E-post: studentombodet@hivolda.no
Facebook: @studenombodet
Telefon: 55 58 70 36 / 458 47 150

 

 

 

 

 

Del på