Lanserer dagsaktuell bok om tru og opplæring
«Hvor skal du i helga?» er tittelen på ei ny bok om religionsmangfald, trusopplæring og skule frå forskingsprosjektet FAITHED. Tre av forfattarane i samarbeidsprosjektet forskar ved HVO.

FAITHED-forskarane frå HVO som har bidrege i den nye boka (f.v.): førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive, dosent Lars Julius Halvorsen og stipendiat Marianne Hustvedt. Foto: HVO / Tone Solhaug / Gaute Hareide / Vilde Moltudal Igland.
FAITHED – ikkje-formell trusopplæring, offentleg skule og religiøse minoritetar i Noreg er eit stort, tverrfagleg prosjekt støtta av Forskingsrådet med fagfolk frå fleire institusjonar, mellom anna tre forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO).
I forskingsprosjektet har eit omfattande datamateriale frå offentleg skule, moskéar og katolske kyrkjer blitt til artiklar og kapittel – blant anna i den nye boka Hvor skal du i helga? En bok om religionsmangfold, trosopplæring og skole.
I boka har alle dei tre FAITHED-forskarane frå HVO bidrege: førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive, stipendiat Marianne Hustvedt og dosent Lars Julius Halvorsen.
Formidlar viktig og verdifull kunnskap
– Eg er glad for å kunne fremje ei bok som gir dagsaktuell kunnskap om korleis barn, ungdom og lærarar forstår og handterer mangfald i kvardagen sin. Eg meiner dette er ei viktig bok for alle som arbeider i kontekstar som er kjenneteikna av mangfald, fortel Valen Kleive.
Ho er også redaktør for boka saman med professor Anders Aschim og førsteamanuensis Ole Kolbjørn Kjørven, begge frå Universitetet i Innlandet (INN). Aschim var i fleire år tilsett ved HVO.
Blant HVO-bidraga i boka har Marianne Hustvedt skrive om korleis religiøst mangfald kan sjåast på som ein ressurs i skulen, men også som noko som kan skape dilemma og ubehag. Hustvedt har bidrege med to kapittel der særleg lærarane sine perspektiv kjem fram.
Hildegunn Valen Kleive har saman med kollegaer frå INN og VID vitenskapelige høgskole skrive om metodar, organisering og materiell i moskéskular i Noreg. I tillegg har ho, Lars Halvorsen og Anders Aschim bidrege med eit kapittel som drøftar kva det har å seie at rom er ein avgrensa ressurs i trusopplæringane.
Valen Kleive meiner boka er eit viktig sosiologisk bidrag gjennom å diskutere oppfatningar om mangfald i viktige samfunnsinstitusjonar som skule og trussamfunn.
– Men boka er også verdifull for lærarar som vil setje seg inn i elevar sine erfaringsbakgrunnar, og som reflekterer over korleis desse erfaringane kan knytast til funksjonen og føremålet til skulen.
Høgaktuelt for lærarar og lærarstudentar
I antologien, som blir lansert på Litteraturhuset i Oslo tysdag 3. juni kl. 13–15, kan lesarane få forskingsbasert kunnskap om kva som eigentleg skjer i moskéskular og katolske katekesar i Noreg.
– At desse trusopplæringane også blir drøfta i relasjon til opplæringa i den offentlege skulen, gjer denne nye boka svært aktuell for både lærarar og lærarstudentar, understrekar medredaktør Hildegunn Valen Kleive.
Antologien blir gitt ut med open tilgang i den vitskaplege bokserien Religionsfag Profil (Cappelen Damm Akademisk). Under lanseringa vil det, i tillegg til bokpresentasjonen, kome innspel og kommentarar til boka frå Sajid Raheem, dagleg leiar i Muslimsk dialognettverk, og Stephen Trotter, generalsekretær i Norges Unge Katolikker.
- Les meir om boklanseringa på inn.no – arrangementet kan også strøymast (direktesending). NB: Arrangørane ønskjer at du melder deg på her innan 26. mai, anten du vil delta fysisk eller digitalt.
