Maria Parr gir sniklytt på ny «Oskar og eg»-bok under gratis fagdag

På fagdagen på høgskulen 12. juni under Festspela får du ein eksklusiv forsmak på oppfølgjaren til «Oskar og eg» – den prislønte barneboka av Maria Parr og Åshild Irgens. Stjerneduoen er mellom trekkplastera på ein dag full av spennande litteratur.

Parr og Irgens.

Forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto: Elen Betanzo.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

I august kjem bok nummer to om søskena Oskar og Ida frå forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Første bok om søskenparet heitte Oskar og eg – alle plassane vi er, og sanka strålande kritikkar og fleire prisar. Oppfølgjaren Oskar og eg - alle tinga vi har startar der den første slutta.

I juni kjem radarparet Parr og Irgens til fagdagen under Festspela (nynorsk.no) for å gi ein smakebit frå den komande boka. Dei skal også fortelje korleis dei jobbar saman som forfattar og illustratør.

Rikt program om lesing og litteratur

Nynorsk kultursentrum, Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) har i fleire år saman invitert til ein fagdag under Festspela. I år er det lesing og litteratur som er den raude tråden.

– Me er stolte av å kunne invitere til ein gratis fagdag med så mange spennande gjestar, og me håper mange lærarar og andre interesserte får høve til å kome, seier leiar Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret.

Festspeldiktar Marit Kaldhol frå Ålesund skal halde føredrag og lese dikt. Publikum får oppleve lesemetoden samlesing og får lytte til eit føredrag om korleis litteratur kan endre livet til den som les. Til fagdagen kjem også ei gruppe femteklassingar som er med på å lage podkasten Barneboktipset i regi av Nynorsksenteret.

Elevar ved Øyra skule som har laga boktips-podkast saman med Nynorsksenteret.
Elevar ved Øyra skule som har laga boktips-podkast saman med Nynorsksenteret.

Inpsirasjon og ny innsikt

– Fagdagen er ein viktig arena for å fremje leseglede og litteraturformidling, og me håper at deltakarane vil verte både inspirerte og få ny innsikt som dei kan ta med seg tilbake til sine eigne undervisnings- og formidlingsarenaer. Høgskulen i Volda er stolte av å kunne bidra til å styrke nynorsk litteratur og skriftkultur gjennom slike arrangement, seier forskingssjef Henriette Hafsaas ved Høgskulen i Volda.

Fagdagen er sett saman for å passe for alle som arbeider med litteratur, både i barnehagen, grunnskulen, på vidaregåande skule, i vaksenopplæring eller ved bibliotek, men han er open for alle interesserte. Målet er at dei som kjem, både skal få med seg gode leseopplevingar og nokre nye tankar om lesing i samspel med andre.

– Å oppleve litteratur og korleis ulike former for samspel skaper litteraturopplevingar, er viktig gjennom heile livet. Difor handlar éin bolk på programmet om barn som lesarar, éin om ungdom og litteratur og éin om vaksne sine litteraturopplevingar, seier forskings- og samlingsleiar Irene Hareide ved Nynorsk kultursentrum.

Del på: