Eksamen som planlagt ved HVO

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Foto: HVO

- Oppdatert

Slik går du fram om du treng å teste deg, er usikker på luftvegsymptom eller må utsette eksamen grunna sjukdom.


Vi er i høgsesong for eksamen, men også for influensa, forkjøling og diverre også midt i eit covid-19-utbrot i regionen. Då er det ikkje alltid enkelt å vite kva du skal gjere om du kjenner på symptom. Her er nokre tips og råd til deg som skal opp til eksamen og undrar om sjukdom. 


Sjuk eller ikkje? Sjå FHI sitt flytskjema

Høgskulen i Volda følgjer dei nasjonale råda frå FHI. Dermed går all eksamen som planlagt.  Lurer du på om du kan møte eller ikkje? Det er ikkje alltid lett å vite. Eit nyttig verktøy er FHI sitt flytskjema for luftvegssymptom.



Test før eksamen og hjelp frå kommuna

Får du symptom dagen før eksamen, tek du kontakt med testasjonen i Volda på telefon 70058960. Dei hjelper deg med hurtigtest. Tester du negativt, og kjenner deg frisk, kan du ta eksamen som planlagt. Du må ha vore feberfri i 24 timar. Har du feber må du vere heime. 

Merk at Volda kommune legg til rette for dei som har vanskar med å kome seg til teststasjonen i Hovdebygda, så det skal ordne seg med test eller hurtigtest til deg, sjølv om du ikkje har tilgang på transport.



Symptom på sjølve eksamensdagen? Vi har ei naudløysing! 

Får du symptom så kort tid før eksamen at du ikkje rekk teststasjonen, har vi ei naudløysing til deg. Då kan du ta kontakt med Studentsørvis for utlevering av hurtigtest du tek sjølv. Studentsørvis vil vere ope frå 0800 dei dagene det er eksamen.

Vi har diverre eit avgrensa tal hurtigtestar, så dette er kun for dei som har eksamen samme dag, har milde symptom og er usikre. Har du feber eller utan tvil er sjuk, skal du halde deg heime.



Om du må utsette eksamen

Vert du sjuk og ikkje kan møte til eksamen, har du rett på kontinuasjonseksamen (også kalla konteeksamen) på eit seinare tidspunkt. Då treng du legeattest eller anna dokumentasjon på gyldig fråvær

•    Samleside for eksamen – informasjon, opp- og avmelding, tilrettelegging og meir  
•    FHI si samleside for Korona-informasjon
•    Volda kommune si samleside for Korona-informasjon  



Førstehjelpsveke for eksamen

Hugs å sjekke ut programmet for førstehjelpsveka for eksamen, i regi av Velferdsgruppa ved Høgskulen! Det startar 27. november. Her er det mykje nyttig og kjekt å få med seg.


Lukke til! Vi heier på dykk! 
 
 

Del på