Gjenforeinte i Volda: – Ein heilt spesiell stad i hjartet mitt

For ti år sidan hadde Xènia, Natalie og Carmen ei magisk utveksling til Høgskulen i Volda. I sommar gjenopplevde dei studiebygda saman med tidlegare medstudentar – og Volda skuffa ikkje.

Tidlegare utvekslingsstudentar samla på Rotsethornet.

På Rotsethornet (649 moh.) med utsyn over Volda, ti år etter utvekslinga til studiebygda dei aldri gløymer. Foto: privat.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Read the story in English here.

Ein solfylt torsdag i august banka det på døra til Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda (HVO). Inn kom ein smilande gjeng med tidlegare innvekslingsstudentar som hadde teke turen tilbake til Noreg ti år etter at dei studerte ved HVO.

Studentane frå heile Europa har halde kontakten etter tida saman i Volda, og denne sommaren klaffa det endeleg slik at 15 av dei fekk eit etterlengta gjensyn med «the place you'll never forget» (staden du aldri gløymer, som internasjonale studentar har sagt om Volda).

Har halde kontakten sidan 2015

Under det vekelange opphaldet på gamle trakter gjenopplevde gjengen frå Spania, Tyskland og Frankrike både vennskap og inntrykk frå Volda-tida si. Nokre hadde også med seg livspartnaren sin, som endeleg fekk sjå ved sjølvsyn kvifor denne staden er så spesiell for mange tidlegare studentar.

På ein av godvêrsdagane nytta friskusane høvet til å kome seg til topps på det 649 meter høgeVolda-ikonet Rotsethornet. Etter fjellturen fann vi dei i vasskanten på Årneset, i gang med å førebu grillkos ved Rotevatnet, som dei kjende godt frå studietida i Volda.

– Vi er forelska i denne bygda, og vi er òg forelska i opplevinga vi hadde her den gongen. Difor har vi halde kontakten sidan studietida vår, fortel Natalie Hughes.

Til venstre: Gjestene kosar seg i hamna i Volda sentrum. Til høgre: Xènia og Natalie utanfor campusområdet ved Høgskulen i Volda.
Til venstre: Gjestene kosar seg i hamna i Volda sentrum. Til høgre: Xènia og Natalie utanfor campusområdet ved Høgskulen i Volda. Foto: privat.

Volda kjennest framleis som heime

Sjølv om mykje har endra seg på og rundt campus i Volda på ti år, fann dei tidlegare utvekslingsstudentane raskt att staden dei blei så glade i.

– Magien vi opplevde som studentar her, er framleis den same. Vi kan kjenne det, seier Xènia Puig.

– Kjensla av å vere her er den same, men du ser at Volda har vakse, og at det kjennest litt meir som ein by no. Men det er framleis Volda, legg Natalie til.

– Det kjennest framleis som heime for oss. Med ein gong eg landa på den lokale flyplassen, kunne eg kjenne lukta i lufta, liksom: «Ok, eg er i Noreg no», smiler Carmen Sedeno.

Den unike opplevinga i studiebygda

Så kva er det med studiebygda Volda som kan gjere eit så varig inntrykk på internasjonale studentar? Dei tidlegare innvekslingsstudentane trur det er ein kombinasjon av fleire ting.

Det vesle, men levande studentmiljøet er ein viktig faktor, og det same er naturen i Volda og fridomen studentane opplevde her – både i og utanfor klasserommet.

For mange av dei var opphaldet i Volda første gongen dei budde heimanfrå – ei erfaring som påverka både vidare studieval og karriereplanar for dei eventyrlystne studentane.

Ein av dei fortel at han faktisk hadde ytterlegare to utvekslingsopphald seinare i studietida, men understreka at opplevinga i Volda ikkje kunne samanliknast med noko anna.

– Volda er også «the place that is going to change your life» [staden som vil endre livet ditt], ikkje sant? Eg veit at Volda endra mitt liv, og eg veit at bygda endra mange andre sitt liv òg, seier Natalie, og minnest då ho såg nordlyset for første gong her.

– Eg møtte så mange menneske som eg fekk besøkje seinare: Xènia i Barcelona, Sigrid i Danmark og fleire andre rundt om i Europa. Eg trur liva våre endra seg på grunn av det, legg Carmen til.

God stemning under gjensynet med Pangaia, den internasjonale møteplassen på høgskulen (f.v.): Trym, Antonio, Alberto, Niels, Adrian, Carmen, Xènia, Natalie, Paloma og Arne Humberset frå Internasjonalt kontor ved HVO.
God stemning under gjensynet med Pangaia, den internasjonale møteplassen på høgskulen (f.v.): Trym, Antonio, Alberto, Niels, Adrian, Carmen, Xènia, Natalie, Paloma og Arne Humberset frå Internasjonalt kontor ved HVO. Foto: privat.

Internasjonale studentar svært nøgde med HVO, viser tilbakemeldingar

– Det er fantastisk å møte tidlegare internasjonale studentar og høyre korleis opplevinga deira i Volda har gjort eit varig inntrykk, seier Arne Humberset ved Internasjonalt kontor på HVO.

På Årneset møtte han att gjengen som skulle grille etter den «obligatoriske Volda-fjellturen» til Rotsethornet.

– Våre eigne undersøkingar viser allereie at internasjonale studentar er svært nøgde, men det er noko heilt anna å høyre direkte frå studentane kor mykje dei set pris på opplevinga i Volda, så mange år seinare. Det gir oss motivasjon til å bli endå betre og til å sikre at HVO vil gjere eit varig inntrykk på framtidige generasjonar av internasjonale studentar, understrekar Humberset.

Etter turen til Rotsethornet venta grilling ved den populære badeplassen Årneset, som ligg i gangavstand frå campus.
Etter turen til Rotsethornet venta grilling ved den populære badeplassen Årneset, som ligg i gangavstand frå campus. Foto: privat.

Forelska seg i den nordiske atmosfæren

I 2015 utveksla både Natalie, Xènia og Carmen til Volda som studentar frå spanske universitet for å ta emne i mediefag ved HVO.

Eit av emna gjorde særleg sterkt inntrykk på trioen: Outdoor Media Production, som kombinerer medieproduksjon med naturopplevingar.

Sidan fleire i gjengen no arbeider som lærarar, reflekterer dei òg over korleis opplevinga av å studere i Volda og leve i den norske kulturen har påverka tankane deira kring utdanning.

– Eg trur vi blei meir opne i tankegangen. Medan vi studerte i Volda, besøkte vi også ein lokal skule. Han var så annleis enn skulane i Spania, alt var meir ope og praktisk retta. Vi fekk med oss idear frå dette som vi tok med tilbake til Spania for å prøve ut, fortel Natalie og Xènia.

Medan dei 15 internasjonale vennene nyt dagane saman att i Noreg, spør vi om dei kjem til å kome tilbake til Volda og HVO i framtida.

– Vi spøkjer om at vi kjem tilbake ein dag med barn – kanskje barna våre blir utvekslingsstudentar i Volda, ler Carmen.

Xènia forklarer at ho etter utvekslinga i Volda har vore forelska i dei nordiske landa. Mannen hennar fridde jamvel til henne på Preikestolen under ein av noregsferiane deira.

– Noreg vil alltid ha ein heilt spesiell plass i hjartet mitt, og kvar sommar prøver vi å reise nordover. For meg var tida i Volda verkeleg noko eige, og uttrykket «Volda is the place you'll never forget» er veldig treffande.

Utsyn frå Rotsethornet.
Kunsten å nyte utsynet over Voldafjorden frå Rotsethornet. Foto: privat.

Del på: