Digital kompetanse kom godt med i koronakrisa

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fleire kommunar på Sunnmøre fekk stor glede av at dei hadde eller var i gang med å vidareutdanne lærarane sine i digital kompetanse då landet vart koronanedstengd. Interessa for slik vidareutdanning framover er stor.

Skuleverket vart, som resten av samfunnet, ramma då strenge koronarestriksjonar vart innført i landet i midten av mars. Det førte til at grunnskuleelevar måtte ha heimeskule og undervisning digitalt. 

Då vart då ekstra tydeleg at det er variabelt i kva grad skular og lærarar har kompetanse i å nytte digitale ressursar i undervisninga og i digital samhandling med elevane. Skulane lukkast i ulik grad med omveltinga av undervisninga.

På Søre Sunnmøre har kommunane Ulstein, Ørsta og Volda dei seinare åra utvikla lærarane sin digitale kompetanse gjennom vidareutdanning frå fagmiljøet Digital kompetanse i læring (DKL) ved Høgskulen i Volda. Ulstein vart først ut og i samarbeid med høgskulen har ein utvikla Ulsteinmodellen, som er blitt lagt merke til landet over og som har vidareutvikla i lag med Ørsta og Volda.

Avgjerande for suksessen

På kommunehuset i Ulstein var det i slutten av februar i 2020 lystig stemning og eit forslag til aprilsnarr dukka opp: Alle elevar i kommunen skulle ha ein dag med heimeskule i veka.

– Ikkje visste vi at berre eit par veker seinare hadde alle elevane heimeskule kvar dag. Heldigvis hadde vi satsa på teknologi og alle lærarane hadde auka kompetanse om digitalisering gjennom eit samarbeid med Høgskulen i Volda. Vi var i så måte godt rusta, fortel Verner Larsen, kommunedirektør i Ulstein kommune, ks.no

I Ørsta har ein også satsa lenge på teknologi og alle lærarane har vidareutdanna seg i digital kompetanse det siste året. Dei takkar høgskulen for at dei har vore lyttande til behova og ønska dei har for vidareutdanning.

– I styringsdialogane med skuleleiarane har høgskulen si tilnærming til profesjonsfagleg digital kompetanse opp mot Ørstaskulen fått svært mykje skryt. At vi var i gong med dette ved koronanedstenginga, var svært avgjerande for den suksessen Ørstaskulen har hatt med heimeskule, peikar Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar for skule i Ørsta kommune, på.

Filmproduksjon, koding og tilpassa opplæring

Å tilpasse vidareutdanninga saman med kommunane er alfa omega for å få det til å fungere, er erfaringa Torbjørn Frantsen har gjort seg. Han er med å leie, vidareutvikle og undervise i DKL-satsinga som høgskulen har. Nokre kommunar har gjort det obligatorisk for alle lærarar å vere, andre har gjort det frivillig, i nokre opplegg har lærarane tatt eit emne på fem studiepoeng i løpet av eit halvt år, medan andre strekk det over eit heilt år.

Torbjørn Frantsen
Torbjørn Frantsen, høgskulelektor digital kompetanse i læring

– Det er også skilnad i kva kommunane ønsker at vidareutdanninga skal innehalde. Det kan vere korleis ein skal bruke digitale ressursar i tilpassa opplæring eller korleis ein skal lære programmering til elevane. Vi jobbar breitt med profesjonsfagleg kompetanse, og lyttar til behova, seier Frantsen.

Difor har det i løpet av siste åra blitt utvikla over ti ulike emne som alle tel fem studiepoeng. Desse dekker alt frå tilpassa opplæring med digitale ressursar , til programmering, filmproduksjon og omvendt undervisning, pedagogisk bruk av nettbrett og digital samarbeidslæring ved bruk av Google Suite/Office 365.

SJÅ ALLE EMNA DKL-MILJØET TILBYR

Over 1500 lærarar ventar på tur

Nyleg teikna høgskulen avtale med Vanylven kommune om slik vidareutdanning, Volda forlenga si avtale og ein vil halde fram i Ørsta og Ulstein. I tillegg vil ein sette i gang tilbod innanfor DEKOMP-ordninga for Nordre Sunnmøre og Romsdal.

– Vi  bygg i DEKOMP-satsinga på erfaringane frå vidareutdanningstilboda, samstundes som vi der ikkje berre skal vere tett på kommuna men også den enkelte skule lærar sine behov, når vi over fleire år skal vidareutdanne 1500 lærarar i og rundt Ålesund. Det er ei svært spanande utfordring, vi har gjort kartlegging av kva utstyr og kompetanse skulane har, og er no i tett dialog med to pilotskular som vert først ut hausten 2020, fortel Frantsen. 

Del på