Arrangerer nasjonal EVU-konferanse i Ålesund 6.–7. november 2025

– Nasjonal EVU-konferanse er universitet og høgskular (UH) sin viktigaste konferanse for etter- og vidareutdanning (EVU), og er ein møteplass for ny kunnskap, erfaringsdeling og nye perspektiv, seier Ole Frank Bakken som er med i arrangørgruppa frå HVO og NTNU Ålesund.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Utanom undervisning og forsking er EVU «det tredje beinet» og får stadig meir merksemd. Utdanningsfeltet er i stor vekst og endring. EVU har dei seinaste åra vorte løfta som viktig i samfunnsoppdraget til sektoren. Ingen skal gå ut på dato og lære heile livet er viktige perspektiv.

– Arrangementet går på rundgang i sektoren og samlar 150-200 deltakarar som representerer stor fagleg breidd. Konferansen er relevant for rektorat, leiarar, fagleg- og administrativ tilsette samt eksterne bidragsytarar som jobbar med EVU og bidrag og oppdragsverksemd (BOA), fortel Marie Espeland og Barbro Elisabeth Fjørtoft som er NTNU i Ålesund sine koordinatorar for konferansen.

Barbro Elisabeth Fjørtoft, Marie Espeland og Ole Frank Bakken
Barbro Elisabeth Fjørtoft (f.v.), Marie Espeland og Ole Frank Bakken ønsker saman med Bjørn Gunnar Tafjord, som ikkje var til stades da bildet vart tatt, velkomen til konferanse i november.

I år er det Høgskulen i Volda og NTNU Ålesund som står for arrangementet i den vakre jugendbyen Ålesund. Du kan melde deg på ved å klikke på lenka under. Påmeldingsfristen er 5. oktober.

Tema for årets konferanse: Omstilling og inkludering

I takt med store samfunnsendringar og nye kompetansebehov har samfunnsmandatet og forventningane til UH-sektoren sitt arbeid med EVU endra seg. Temaet for årets konferanse er difor omstilling og inkludering.

Markussenutvalet peika i 2019 på fleire viktige perspektiv, der lærekraftig utvikling og livslang læring vart løfta fram som naudsynte berebjelkar. Statistikken viser likevel at det framleis er dei med høgst utdanning som deltek mest i EVU. Samstundes fører både demografiske endringar og teknologisk utvikling til nye og komplekse kompetansebehov.

– Er sektoren på rett veg med omstillinga, og greier vi å inkludere heile befolkninga? Kan EVU-satsinga i UH-sektoren vere med på å møte framtidig behov for kompetanse? er tema som vert belyst, fortel Bjørn Gunnar Tafjord som også er med i arrangørgruppa frå HVO.

Innhaldsrikt program

Konferansen set særleg søkjelys på utanforskap og på sektoren sitt samfunnsmandat, slik det er formulert i NOU 2020:3 og NOU 2020:11. Her vert samfunnsutfordringar, berekraft, danning og personleg utvikling løfta fram som sentrale element. Korleis påverkar utanforskap dei strategiske vala vi gjer, og kva rolle kan omstilling og teknologi spele i dette arbeidet?

Strategiske styringsdokument peikar dessutan på behovet for større fleksibilitet og meir desentraliserte løysingar innan EVU. Sektoren er utan tvil i omstilling – men til kva? 

– Konferansen byr på spanande program. Det er sendt invitasjon til KD og vonleg får vi politisk leiing til å opne konferansen med mål og vyar for EVU i sektoren. Vidare byr konferansen på fleire gode innlegg frå NAV, Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO), Utdanningsdirektoratet (UDIR), Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Kunnskapssektorens tenesteleverandør (SIKT), Universitetet i Tromsø (UiT), Universitetet i Sørøst-Norge (USN), Universitetet i Bergen (UiB) og rektorar i UH-sektoren stiller saman med bidragsytarar i panelsamtalar, freistar arrangørgruppa med.

Velkomne til konferanse!

Del på: