Kva skal det nye mediehuset heite?

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Høgskulen i Volda inviterer studentar og tilsette til å namngje det nye mediehuset, som skal stå klart til semesterstart 2021. Kanskje er det ditt forslag som går inn i HVO-historia?  


- Vi håper på mange, gode forslag! Det seier direktør ved Høgskulen i Volda, Karen Lomeland Jacobsen. Saman med prosjektgruppa for det nye mediehuset, inviterer ho alle studentar og tilsette ved høgskulen om å kome med forslag til namn. 

- Dette skal vere eit hus for heile høgskulen, og difor ønskjer vi også at alle skal kunne vere med å påverke namngjevinga. Vi er mange som gler oss og er engasjerte i prosjektet, og det er veldig kjekt å kunne inkludere alle som har lyst til å delta i denne prosessen, seier Lomeland Jacobsen.

Ho gir studentar og tilsette ved HVO fram til fredag 12. juni med å sende inn namneforslag.
 

  • Slik kan du levere forslaget ditt: Send ein e-post merka «Namn mediebygget» til postmottak@hivolda.no med forslag og kvifor du meiner nettopp dette skal vere namn på mediehuset

 

«Verdas beste mediehus» får namn i september

Kjært barn har allereie mange kallenamn, for å skrive om det kjente uttrykket ein smule. Då rektor Johann Roppen sette første spadetak i byggeprosjektet i november saman med Reidulf Botn og Julie H. Johansen, kalla han det «verdas beste mediehus». Internt på HVO går mediehuset førebels under kallenamna «mediebygget», eller «Sivert» (kort for Sivert Aarflot), som er eitt av forslaga fleire har hatt på blokka. 

Første spadetak


Fasit får vi i haust. Då skal alle namneforslaga ha vore handsama av ei gruppe samansett av representantar for mediefag, dekanar og rektorat ved HVO. Dei skal velje ut dei beste forslaga og sende desse på høyring i organisasjonen, før det skal lagast ei innstilling til vedtak i høgskulestyret. Namn på nytt mediehus vert dermed sak for styremøtet i september. 


Korleis har tidlegare namneprosessar vore? 

Ifølgje rektor Roppen har denne måten å namngje hus på høgskuleområdet vore nytta dei seinare åra. Han er glad for at alle knytt til høgskulen skal få vere med i prosessen. 

 - Slik var det då Berte Kanutte-huset (ferdig i 1998) og Synnøve Riste-huset (ferdig i 2010) fekk sine namn. I ettertid er det to fantastisk gode namn på historisk interessante kvinner som balanserer og utfyller kvarandre og er med på å gi ei god forteljing om oss sjølve. Berte Kanutte, den haugianske salmediktaren. Synnøve Riste, den radikale målkvinna. 

Roppen reknar med det no som då vert engasjement knytt til avgjerda. 

 

Store namn, lokale profilar

Kva bør ein tenkje på når ein sender inn forslag? Underteikna kunne kanskje prøvd seg på innsending av eige namn, men du kan vere trygg på at det ikkje ville nå opp. Om vi ser på namnetradisjonen på høgskulen, er alle husa på området kalla opp etter store profilar som har prega regionen på ulike måtar. 
 


Ivar Aasen treng knapt ein presentasjon, men det kan hende nokon måtte google Synnøve Riste, då nyaste høgskule-huset fekk namn i 2010? Då vil søkemotoren fortelje at Riste vaks opp i ein politisk aktiv familie på Rotset i Volda, var kjend som redaktør, målkvinne og kvinnesaksforkjempar. Ho var ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk. Med andre ord: Sterk tilknytting til både Volda, fagmiljø og engasjement. 

Eit anna døme er huset der mediefaga har redaksjonslokala sine i dag. Det stod ferdig i 1984 og er kalla opp etter Hans Strøm. Han var prest i Volda, naturforskar og topograf, med tittelen professor. Han er mest kjend for si topografiske framstilling av Sunnmøre og ei tilsvarande framstilling av Eiker i Buskerud, men han lét etter seg eit omfattande forfattarskap med emne frå svært ulike fagfelt. 

Då står det att å sjå kva «verdas beste mediehus» skal heite. Kanskje er det DITT forslag som vil gå inn i historia? 


PS! Volda kommune, som eig Ivar Aasen-huset, har frigitt Aasen-namnet i samband med at høgskule-verksemda flyttar over i det nye bygget. Vert namnet også med på flyttelasset? Svaret får vi i september! 
 

Del på