Informasjon til eksterne

Høgskulen i Volda har tatt i bruk digital eksamen i full skala. Det gjeld eksamensgjennomføring og sensur.
Vi nyttar Inspera Assessment som digital eksamensløysing.

Du loggar på med din Feide brukarkonto.
Merk; - er du ekstern sensor må du ha Feide-tilgong ved Høgskulen i Volda for å sensurere og logge på med Feide.
Alternativt må du logge på via "Registrert brukar". I så fall har du fått tilsendt brukarnamn og passord i separat e-post.
Dersom sida for innlogging går til den institusjonen du er tilsett ved, så må du opne ei inkognitofane i nettlesaren og legge inn innloggingsadressa for Høgskulen i Volda der.

Les meir om: Innlogging i Inspera

Har du tatt i mot oppdrag ved Høgskulen i Volda?

For at vi skal kunne fylle ut kontrakt for oppdraget, må vi ha kontaktinformasjon og fødselsnummer. Dette kan du opplyse om til din kontaktperson ved avdelinga som har hyra deg til oppdraget. Det er viktig å få på plass denne informasjonen snarast råd, slik at vi får registrert deg i dei nødvendige systema.

Etter at informasjonen er motteken, vil du få tilsendt utfylt kontrakt for oppdraget. Vi ber om at signert og utfylt kontrakt snarast sendast i retur til din kontaktperson som er opplyst i følgjebrevet. 
Ver venleg, kontroller at alle opplysningar er rett utfylt.


Du får løn ut frå det som er avtala.

Digital sensur i Inspera

Du vil motta e-post frå Inspera med påloggingsinformasjon i god tid før eksamen. Ta vare på denne meldinga. Dersom du må opprette eige passord, vil dette gå fram av meldinga.

Når det er klart for sensur så vil du motta ein e-post frå din kontaktperson i Studieadministrasjonen med praktisk informasjon for din eksamen.

For meir informasjon om gjennomføringa av sensur, sjå Retningsline for sensurarbeid og instruksjonane frå Inspera (opne lenkene i ny fane):

Sensurer kandidater

Godkjenn din vurdering

Fullfør felles vurdering

Godkjenn felles vurdering

Kommentere i besvarelsen

Laste ned og lese besvarelser på papir

Last ned og skriv ut vurderingsprotokoll

Vurdere muntlig eksamen

Ofte stilte spørsmål og svar

Dersom det skulle oppstå noko uforutsett ved pålogging, sensur eller liknande, så ta kontakt med din kontaktperson i Studieadministrasjonen snarast råd, eller send ei melding til Studentsorvis@hivolda.no, eller ring tlf. 7007 5000 i arbeidstida.

 

Løn og reise

Høgskulen i Volda nyttar Direktoratet for økonomistyring (DFØ) si sjølvbetjeningsløysing for honorarmottakarar. Elektronisk innsending av krav bidreg til raskare handsaming og dermed raskare utbetaling til den enkelte.  

Når oppdraget ditt for Høgskulen i Volda er utført skal du kreve refusjon av reisekostnader/andre utgifter og registrere dine honorarkrav. Pålogging skjer via din tilgang til ID-porten (MinID, BankID, Buypass ID, eller Commfides e-ID). 
Du kan logge på her: https://selvbetjening.dfo.no
eller kan velge å legge til krav i DFØ-appen: https://dfo.no/kundesider/lønn/dfø-app   

Merk:
Når du skal registrere lønskrav elektronisk, må du først laste ned vurderingsprotokollen frå Inspera som syner tal på oppgåver som er sensurert (Pdf-fil). Kontrakta skal vere påført timesats pr eksamenssvar (jf. informasjon i følgjebrevet), tal på sensurerte eksamenssvar (jf vurderingsprotokollen i Inspera), og så skal du fylle inn Sum timar
Du får utbetalt grunnhonorar for ordinær eksamen og kontinuasjonseksamen. Dersom ein eksamen har mange kommisjonar og ein kommisjon skal vere klagekommisjon, så får ein ikkje utbetalt grunnhonorar på ny.
 

- Reise og lønn/honorar førast i to forskjellige krav som sendast separat.
- Har du sensurert fleire emne må du sende eit (1) lønnskrav pr emnekode og med kontrakt som vedlegg til kvart emne.
- Om du fører reiseregning må kvittering lastast opp som vedlegg.

Lønart: 551A, sjå på nedste del av kontrakta.

NB: Du skal ikkje taste inn timar og kronebeløp, men summen av desse i "Betal meg løysinga". Hugs å laste opp vurderingsprotokollen og kontrakta som vedlegg.

Send lønskrav/reise til godkjenning. Kravet går direkte til sakshandsamar på avdelinga sin «innboks» og vert sendt vidare til utbetaling når det er kontrollert at det er i samsvar med avtale/utført arbeid. Dersom det er feil i eit krav, vert kravet returnert til oppdragstakaren. Det er difor viktig at ein følgjer instruks for utfylling.

 

Klagesensur - sida er under konstruksjon

Denne sida er under konstruksjon.
Det jobbast på nasjonalt nivå med å få digitalisert heile arbeidsflyten for klagesensur.
Innhald kjem snart.