Webinar og fagfilmar: «Digital skaparkraft» vert strømma

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I mars skulle DigiGLU-prosjektet ved høgskulen invitere til nettverkskonferanse saman med Utdanningsdirektoratet. Den var Korona-utsett i første omgang, men no er dei klare med eit webinar over fire dagar, frå 12. oktober. 

Alt frå programmering til skaparverkstad står på planen, og alle som ønskjer kan følge med!

Nettverkssamlinga «Digital skaparkraft» om profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanning og skule er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Utdanningsdirektoratet, og skulle etter planen vore i Ulsteinvik og Volda i mars med 120 påmelde. Som så mange andre arrangement, vart samlinga Korona-utsett. 

Synnøve H. Amdam er DigiGLU-prosjektleiar og har med seg fagmiljøa i grunnskulelærarutdanninga og i digital kompetanse i læring. Dei er no glade for å kunne by dei som var påmeldt i mars eit digitalt alternativ no i oktober. Fagmiljø rundt om i landet har sendt inn innlegga sine som filmar, og kvar dag blir det eit praktisk webinar der ein kan få inspirasjon til å prøve ut ting sjølve. Og som ein bonus: Webinara vert tilgjengelege for alle som vil følgje dei via høgskulen sine nettsider kl. 14.30 til 15.45 på konferansedagane.

– Sjølve webinara held vi via Zoom Webinar, så dei som er påmeldte får moglegheit til å logge seg på her. Frå Zoom strøymer vi til Høgskulen i Volda sin YouTube-kanal og legg på HVO sine konferansenettsider. Begge stader er det mogleg å stille spørsmål som blir tatt opp på slutten av sendinga, oppmoder Amdam. 

Klikk deg inn i hendinga og sjå programmet, og følg sendingane når dei startar 12. oktober!

– Det vil også vere mogleg å melde seg på sjølve webinar-løysinga på konferansedagane, seier Amdam. 
 

Del på