Bachelorkonsertar måndag og tysdag

Tekst: Per Straume , Foto: Marius Beck Dahle

- Oppdatert

På Rokken 27. og 28. mai kan du få med deg eit bredt spekter av underhaldande musikk når bachelorkandidatane i musikk inviterer til konsert.

Gjennom tre år har studentane fordjupa seg i musikk ved Høgskulen i Volda og no er tida endeleg komen for at dei skal få vise seg fram frå si beste side. Alle er velkomne til dei gratis konsertane som går føre seg på ettermiddag- og kveldstid.

Det er lagt opp slik at alle avgangsstudentane har kvar sin konsert – totalt ni i talet. Dei fleste er i sjangeren pop/progrock, og alle har eit band i ein eller anna form med seg på scena, fortel førsteamanuensis Stein Helge Solstad.

– Konsertane vil ha stor variasjon, med alt frå musikk som har lyrisk stille parti til heavy rock. Det er stor bredde og det bør vere noko for ein kvar smak, meiner Solstad.

Kvar konsert varar i om lag 40 minutt.

Måndag 27. mai, 16.00 – 20.00:
Første konsert startar 16.00 på Rokken og det blir spelt totalt fire konsertar. Tre vokalistar og ein trommeslagar skal vise fram sitt bachelorprosjekt.

Tysdag 28. mai, 16.00 – 21.00:
Første konsert startar 16.00 på Rokken og det blir spelt totalt fem konsertar. I tillegg til vokalistar vil ein denne dagen få høyre enda fleire instrument.
 

Del på